torsdag 18. mai 2023

Mat og smak og minner

Dette er eit slags reisebrev. Berre litt forsinka, sidan det fortel om ein tur til New York i februar 2007 Vi var i Bostonfor å besøke lillesøster med familie, for dei budde der då. Vi tok samtidig eit tur til New York. Særleg for å komme til Ellis Island, for å sjå kvar mine besteforledre kom i land i 1917 -nygifte og på veg til ein gard i Nord-Dakota, der dei budde nokre år før dei flytta tilbake til Norge. Men altså, vi var i New Yprk. Litt stprøgde. Budde på eit billeg, skranglete hotell rett ved Broadway. 24.etasje. Mannen var kjapt ute med å finne nødutgangane. Fekk nesten ikkje sove fordi aircondition bråka, og var umuleg å slå av, samtidig som varmen sto på for fullt. Heller ikkje mogeleg å skru av. Ut vinduet såg vi til ei kvar tid uendeleg mange politibilar, truleg klare for ei biljakt av typen amerikansk film. Men vi måtte ha mat! Ungane hadde jetlag, særleg han som no har levert mastergrad og har reist mykje meir enn han hadde i 2007. Altså måtte vi ha mat som var enkel å ete, og lett å kjenne. Rett ved hotellet låg ein italiensk restaurant. Ein italiensk restaurant så italiensk at eg framleis er sikker på at dei karane som sat i svart dress ved bordet innerst inne, var ein del av mafiaen! Eg har sett «Sopranos», eg veit korleis mafiaen kan sjå ut! Den raudhåra kelneren (sikkert irsk) hjalp oss gjennom menyen, og ungane bestilte pizza. Kva mannen bestilte, huskar eg ikkje. Men eg bestilte kylling, med grønsaker. Og fekk stekt kyllingbryst med rødbeter! Rødbeter!? Alle rødbeter eg hadde fått servert til då, hadde vore sylta med eddik. Servert på leverpostei. Med majones. Eg kunne ikkje tru at det var så godt til kylling. Men desse rødbetskivene var bakt, med olje og krydder og smakte noko heilt anna! Dei var svært gode til kyllingen. Og akkurat det ar eg laga i dag. Bakte rødbetskiver til stekt kyllingbryst. Og hatt ein liten tur inn i minnebanken. Tilbake til trøtte ungar, ein storby større enn alt anna eg hadde besøkt, (kanskje) mafia på nabobordet, ny mat og kald februarkveld utanfor.
(og litt artig, junior orka ikkje ete opp maten sin. Kelneren som på amerikansk vis fulgte kundane godt opp, tilbydde seg å gå ut på kjøkkenet og klage på pizzaen, sidan den ikkje hadde falle i smak. Han slapp det, og vi fekk vårt første møte med «doggy bag» og pizzaen var frukost neste dag.

tirsdag 27. september 2022

Eg, ein influencer?

Då har eg altså vorte kontakta av ein journalist, på grunn av ting eg har skrive på bloggen!! Eg såg ikkje det komme, for eg er ikkje så aktiv med blogg. For så vidt var det bloggpost frå 2017… men eg står inne for det eg skriev. Eg skreiv om ungar som flyttar ut.
No har det gått 5 år sidan minstemann flytte. Det har vorte ny kvardag. Samtidig har dei budd heime i feriar, med sommarjobb, medan dei ventar på ny bustad, etter eit opphald i utlandet osv. Det har vore fint! Meir og meir tenkjer eg på det pappa brukte seie når vi reiste, etter ei helg eller ein ferie med ungar, turar, planer og mykje ståk: «det er kjekt når de kjem og kjekt når de reiser» Den nye kvardagen, med betre tid, ingen som skal kjørast, ingen som MÅ ha middag kan vere stille, men den har gode sider og. Eg kan lett sitte lenge på jobb, middagen tek vi enkelt, søndagsfrukosten, men egg og laurdagsaviser og NRK Klassisk har vorte vår gode stund. Det er ikkje så slitsomt om mannen er på jakt ei veke, eller må reise i jobben, det er berre emg sjølv å tenkte på.
Andre gonger er det veldig stille i huset. Det kunne gjort seg med nokon som ville presentere ny musikk, lage middag, ta ein diskusjon eller forklare noko (eller slå plena)
Samtidig, livet skjer! Og kva har skjedd dei siste åra? • 4 dødsfall i nær familie • 2 barndomsheimar å tømme • Vi har kjøpt seglbåt • Vi har kjøpt hytte (les gard) • Eg har mista jobb • Eg har fått ny jobb • Eg har vorte hageentusiast, og har 2 hagar… • Vi har starta i kor
Når så mykje skjer, er det i grunnen godt å ikkje ha små ungar som treng pass, oppfølging og aktivisering. Eg likar å ha tru eg veit kva dei driv med, bommar stadig der… Men eg veit den eine er i Bergen og at den eldste reiste til Wien i går og blir der til jul. Det hender dei svarer på medlingar, og dei ringer, meir eller mindre fast. Eg syns dei klarer seg godt i livet og verda. Noko er hardt arbeid i starten, noko er flaks og lukke! Intervjuet ligg her Det er veldig rart å lese kva eg sjølv seier… Det er stas på ein litt rar måte!

søndag 11. september 2022

Georginer og gravferd

Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.

Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande. 

I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.


I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie. 

Heldig er den som har ein storebror som passar på seg

Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.

 

Solnedgang som lader batteriet
Juni 2022

Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom. 

Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.

Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær. 

Og georginene starta å blomstre! 






Georginer frå hagen
11 ulike på ein gong!

Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss... 



Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!






søndag 1. mai 2022

tante Kirstis lille gerogineguide

Muleg dette er litt overmodig, men no har eg klart å overleve georgineknollar to vintrar på rad, så eg  tørr ta sjansen på å skrive ned kva eg gjer (og så har eg ein stad å leite tilbake til sjølv også)

Humlene er også glad i georginer!


Kvar får ein knollar frå?

Overvintra knoll frå kjellaren
Godt merka!
Akkurat denne er frå frø eg sådde i fjor

  • kjøpe, det finns masse der ute!! Butikkar, nettbutikkar... farleg, farleg :) Knollar er til salgs på seinvinteren/våren. Dei ser ikkje så spennande ut, men dei er fulle av overrasking og skattar. Det er mykje vinterglede i å sjå på blomster på instagram, få tips og søke opp å ulike nettstader. Vil eg ha store? Enkle eller fylte blomster? Einsfarga eller med ulike farger? Høge eller lave? I potte eller bed?
  • bytte. Mange har knollar som dei overvintrar, kanskje du kan få ein?
  • kjøpe georginer som blomster, og ta vare på knollane når hausten kjem
  • (overvintre sjølv, meir om dette lenger nede)

Treng ein knollar?
  • nei! I fjor kjøpte eg ulike frø, og det vart fine planter, og knollar eg tok inn til vinterlagring
  • frø må sås tidleg, tidlegare enn om ein skal sette knollar, men det kan vere ganske triveleg vinterkos med små planter i heimen, Berre hsuk at dei blir større og må pottast om. 
  • enkelte anbefaler plantelys, det er sikkert lurt, men eg hadde ikkje det til mine.
Ei blanding av sommarblomster frå i fjor

Korleis blir knollane til blomster?
  • dette er som eit mysterium! Dei kan sjå tørre og triste ut, men med litt stell, kjem det spirer
  • i mars/april brukar eg å ta fram knollane frå kjellaren, legge dei på eit svalt, lyst rom. Nokon vatnar dei, men det har ikkje eg brukt å gjere. 
  • etter nokre veker, har eg brukt å fjerne mest mogeleg laus jord. Ofte har det komme spirer no :)  Eg kastar sjelden knollar, men er dei innholde/tørre/oppsmuldra uten spirer, hender det at dei ikkje blir med lenger
  • når dei har fått spirer, deler eg opp dei store knollane(gdet blir gjerne samling av fleire knollar i ein jordklump) slik at alle deler har ein fersk spire
  • eg fyller jord i en brødpose(6 l ) og sett knollen oppi og fyller jord lslik at det akkurat dekker knollen. Samlar fleire posar i plastesker og sett til spiring i eit lyst rom. NB, no er det veldig lurt å merke posane på ein eller annan måte, slik at du veit kva som kjem opp, stol aldri på at du huskar korleis du sette dei 5 ulike nedi samme boks... 
  • vatne forsiktig! Etter kvart vil det kome spirer opp av jorda, og du ser nettverket av røtter i posen.
  • ikkje sett dei ut før det er frostfrie netter! Eg ber ofte mine ut og inn i starten.
    Kasse med posar fulle av georginer

Blomstring
  • i juni, om du er heldig, byrjar dei å blomstre. Og utover seinsommaren kjem dei med meir og meir blomster, mine har blomstra heilt til frosten kjem, men då er festen over, og knollane må opp av jorda og inn før det blir frost i bakke.
  • eg brukar plukke georginer og ha i vase inne i huset, over alt eigentleg. Mikse saman farger (og då er det artig om ein har litt ulikt, tips til neste års innkjøp)

Korleis overvintre knollar?


Knoll i eska, har overvintra i kjellaren
  • når det nærmar seg frotsnetter, er det på tide å ta inn knollane
  • dersom du har dei i potter, skal det gå an å overvintre pottene inne, men det har eg ikkje prøvd
  • eg klipper ned greinene, før eg tek opp knollane og legg dei til tørk i kjellaren. Det er viktig at dei har minst muleg jord på seg, og hald seg tørre gjennom vinteren, ellers rotnar dei
  • NB, merk knollane etterkvart som du tek dei opp. Det er umuleg å sjå om det er ein lilla, enkel georgine eller ei stor mørkeraud dersom du berre ser på knollen! 
  • eg legg mine på avispapir i små plastesker med perforering, og sett dei mørkt og svalt under nokre hyller i kjellarboda.  
Så er det berre å vent epå ein ny vår, og glede seg til blomstring! 








 


 



torsdag 26. august 2021

Kvelden før 53

 Altså, det er evig lenge sidan eg blogga, men det hoppar vi bukk over!
Eg har bestemt meg for å lage eit innlegg der eg ser på litt som har skjedd dette året. Og eg held meg til datoen 27 kvar månad, det er ganske ryddig! Dette blir eit slags øyeblikksbilete, og mykje som har skjedd, blir ikkje med. Som for eksempel at eg jobbar ganske ofte.

27.august
Med tiara, det er jo tross alt bursdag
berre ein gong i året


27.september
Vi hadde vore i konfirmasjon på Askøy, og køyrde
Vestlandet til Romsdalen. Trur dette er i nærleiken av Stryn


27.oktober
Vi var i Måndalen, og hausten var heilt klart på veg!

27.november
Kaldt ute, og vedfyring inne

27.desember
Vi er heime igjen etter jul i Romsdalen
Juletrepynten må dokumentrast 


27.januar
Det er vinter! Det burde jo vore eit skibilete, 
men det var vel ikkje skitur den 27.


27.februar
Vi er i Romsdalen, igjen. 
Det har vore mange turar dit. 
Ser du regnbogen?


27.mars
Det er heilt klart påsketider. 
Med påskekylling frå 70talet og duken bestemor
broderte i 1955

27.april
Heile våren var eit langt hageprosjekt på
gjesterommet, med særleg vekt på georginer.
Det kan eg glede meg over i hagen no


27.mai
Sett jordskokk i jorda
Ventar på at dei skal bli klare til mat


27.juni
På besøk hos "Norske Peoner" i Malvik
Flott sommardag med blomster og utekafe

27.juli
Fjelltur i Måndalsfjella

Og i morgon er det 27.august igjen. Det blir nok fleire bilder!

søndag 21. mars 2021

Søndag kveld

Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...

Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg. 

Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.




Laurdag  bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski. 



Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta. 



Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.


torsdag 4. mars 2021

Mars

Årets første marshelg. Eg har planer!

  • vi skal ha middagsgjester! Huskar ikkje sist det skjedde. Vi må planlegge menyen.
  • det snør, og eg SKAL på ski. Får tru det er nok snø til det og at foten held (den treng nok enno litt tid etter overtåkk og brot i desember)
  • eg skal sitte litt og sjå på at plantene mine veks. Det spirar i det vesle "drivhuset " mitt. 

  • eg skal strikke. Eg har meir garn enn tid og tålmod, ser det ut til...
  • eg skal drikke te! Eg har kjøpt påskete, og den startar eg på allereie no
    Skal ikkje sjå vekk frå at det kan bli kjøpt meir te...

  • eg nyt at dagene blir lenger, at det er lyst både på veg til jobb og heimover, eg likar lyset når det snør i ettermiddagsskumringa.
    Blåtimen

  • kanskje skal eg lese litt, rydde hus, brette klær etc, men det er ting om skjer uanhengig av årstid..