fredag 18. mai 2018

Min 17.mai

For første gong på aldri så lenge, hadde vi ingen som skulle gå i tog. Trur ikkje det har skjedd sidan i 2003. Så vi måtte sjå litt på kvarandre, og undre "kva skal vi gjere på 17.mai?" Det viser seg at ein kan ha ein super dag utan barn som skal ha is og pølse og  heliumballong (no har ikkje maset vore så stort dei siste åra, når eg tenkjer etter)og nye tradisjonar og programposter kom fort på!


Då vi vakna, vart vi enige om å utsette frukosten, og starte dagen med ein tur i marka. Mannen tok til og med på 17.mai-sløyfe! Det var sol og det lukta nytt bjørkelauv, skogbotnen var kvit av kvitveis og det var var ein strålande vårmorgon i skogen. Vi møtte ikkje så mange, men vi såg masse festkledde folk på veg til byen.

Vel heime laga vi brunsj, med rundstykker og alt godt vi hadde i skapet. Korsang på anlegget, men eg må tilstå eg sakna 17.mai-sending på NRK. Den høyrer liksom med...



Etterpå var det på med bunad og vi reiste på besøk til svigermor på sjukehuset. Vi hadde med både 17.mai-sløyfe og blomster i raudt, kvitt og blått. Der fekk vi marsipankake og kaffe. Det har eg aldri fått før på sjukehuset, men eg har aldri vore der i bunad på 17.mai før heller!


Så måtte vi til byen, det får vere måte på nye tradisjonar og programposter! Vi møtte kjente i Salem,  men i år åt vi ikkje kake der. Vi kikka på borgartoget, iallfall deler av det innimellom alt folket i byen. Vi vart slitne i beina i bunadssko og varme i sola. Det er rart kor sliten ein blir av å stå på asfalt!




Vel heime åt vi is på terrassen. Sola skein, og om det ikkje var så varmt, var det skikkeleg nasjonalromantisk med flagg mot blå himmel.


På sein ettermiddag var vi bedt på spleise-grillfest hos vener. Hurra for dei som opnar huset for oss, det er jo litt styr med 20 stykker, sjølv om alle har med litt! Det er fint å feire saman med vener, prate og ete både grillmat og kaker, diskutere bunader og bunadssølv og ha god tid.

Og til slutt var det heim og ta i mot overnattingsgjester!
Ein strålande dag, både i vær og opplevingar!
(jammen godt det har vore fri idag!)

2 kommentarer:

  1. Jeg tar av meg hatten for dere som bare... hiver dere utpå dypt vann og bare gjør noe fint med "nytt liv."

    Og du er så vakker i bunad!

    SvarSlett