mandag 4. september 2017

Vekestart veke 36

Måndag. Enkelte måndagar er litt motbakke, idag byrja forsåvidt bra, men travelt på jobb.
Så hadde eg time med gynekologen, og det var løsningsorientert og greit. Eg kan krysse av for #sjekkdeg og alt vel.
Etterpå hadde eg eit møte som var i motbakke og motvind, syns eg, iallfall. Eg skal ikkje seie altfor mykje, men eg trur ikkje eg og NAV snakkar samme språk eller høyrer dei same orda. Noko slikt. Vi kom i mål, vi har ei plan, men eg syns det var eit dumt møte.
Samtidig kjenner eg andre som slit kvar på sin stad, og begeret blir litt fullt. Sukk!

Sånn, ferdig med det! I morgon er ein ny dag, og i Matteusevangeliet står det "Ver ikkje urolege for morgondagen, morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde". Trur det er ein annan måte å seie "lev i nuet" på!?

Heldigvis har eg ein mann som høyrer på meg når frustrasjonene slår inn over kjøkkenbordet, og det er jammen godt.  Trur eg har delt dette diktet før, men det tåler ein repetisjon.

HANDA

Du legg handa di
inn i mi.

Verda tek ein pause.

Helge Torvund

Eg er jo heldig. eg har ein mann som tek handa mi. Eg har jobb, eg har hus. Eg har mykje stabilt rundt meg, så eg tåler ein storm, eg likar det berre ikkje :)

Og enno kan eg glede meg over blomster i hagen,
som eg kan plukke inn og ha på kjøkkenbordet.



2 kommentarer:

  1. Lykke til i dine møter med nav! Jeg har vært stort sett veldig heldig i mine møter med dem, men jeg vet maaaange som ikke kan si det!

    Håper resten av uka blir fin! Vi skal (endelig) sove med de ordentlige dundynene igjen i natt, og jeg gleder meg! <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Eg har stort sett vore heldig med nav, men idag syns eg vi snakka veldig forbi kvarandre, og frustrasjonen blir deretter. Eg skal jobbe meir, og det er noko med å finne gode overgangar.

      Her treng vi ikkje vinterdyner, varmt ute! Men mørkt! Klokka ni var det skikkeleg kveld ute, den kom litt brått på!

      Slett