torsdag 29. juni 2017

Om å vatne blomster

Idag, eller rettare i går kveld, kom sommaren på besøk til Trondheim. Då var vi på båttur på fjorden, og vi var ikkje åleine. Det er heilt rart når varmen kjem, det var 6 gr tirsdag morgon, så vi har venta! Men når godværet kjem, endrar folk seg! Dei smiler. går lettare, har friskare farge på klærne osv. Ikkje berre andre folk, eg og! Det er så godt med sol og varme. Og i morgon skal det fortsette. Eg strinyt sol og varme!
BLÅ himmel

Barbeint på terrassen. Og ei flaske med iste lett tilgjengeleg.
Boka vart ikkje med på bildet. Og arbeid inne? Det står seg!

Alt veks fort, eller slår ut i blomst. Det luktar syrin og jasmin og eg veit ikkje kva når eg er ute og går. Kjøkkenhagen og blomstrane ute treng litt ekstra stell når det er så varmt. Særleg kjøkkenhagen, der går det fort mange liter vatn, og hageslangen rekk ikkje dit. Altså får eg trim! Eg ber gjerne vatn. Og eg prøvesmakar spinat og grønkål, ser lengselsfullt på jordbæra som snart får farge. Mine første jordbær! Når eg går og ber vatn, kjem det naturlegvis nokre minner!
Då eg var lita var eg ofte på Kvila, nabohuset, der budde Gudrun og Erling. Dei hadde stor fin hage, med stort bed med påskeliljer som kom tidleg på våren. Så kom det eine etter det andre, med rhodondendronen som det store høgdepunktet. 3 store planter, meir som tre å rekne, heilt  fulle av blomster. Ikkje rart turistane stoppa for å ta bilder!


Rosebusker rundt om i hagen, som blomstra utover sommaren, det var alltid roser på fødselsdagen min i slutten av august. Bærbusker, og bringebær med fløte som dessert når eg åt kveldsmat der. Blomkarse som vi sådde om våren, eg var naturlegvis med på førebuingane. Huskar vi la frøa i bløt først, slik at dei skulle spire fortare. Krokete frø, som skulle bli ringblomster som skulle stå i bedet rundt syrinene, slik at det var blomster der når syrinen var ferdig med sesongen. Valmuer, Skaugumbegonia, erteblomster, eføy som vaks over heile glasverandaen, og sikkert mykje meir eg ikkje huskar! 

I år var eg heldig og fekk blomkarseplanter eg
berre kunne sette i stor potte.

Men så til det eg tenkjer på når eg skal vatne mine blomster, no slik ca tretti - førti år seinare; eg brukar ikkje kaldt vatn rett frå kranen! "Ingen likar å få føtene i iskaldt vatn!, sa Gudrun, "heller ikkje blomstrane! Og vi vatnar ikkje midt på dag i solsteiken, det gjer vi på kvelden" Så det gjer eg. Eg blandar til lunka vatn når eg fyller kanna andre og tredje gongne, og fyller alltid vasskanna full når eg er ferdig å vatne, slik at det er lunka vatn klart til neste vatning. Og det hjelper jo? Iallfall veks plantene mine godt, tross kaldt vær og sol om kvarandre.

Eg har sådd ringblomster i år, sjølv om eg ikkje har ein
syrin å plante dei rundt.

Frodig grønkål

Vasskanna er full av vatn, klar til i morgon ettermiddag.
Og så er det litt rart å tenkje på at Kvila skal selgast snart, sjølv om det er lenge sidan gudrun og Erling døydde, og lenge sidan eg sprang over markane på besøk. Det er rart at det kjem nokon andre som skal ha hagen der, som eg har så mange minner om. Der eg åt føremiddagsmat på den kvite benken i hagen, gjekk inn under rhodondendronane som var nesten som eit hus, samla frøkapslar av valmuene, satt i lysthuset(som har vore vekk i over 30 år)... No skal andre lage sine minner derifrå!
Det er fint og!

2 kommentarer:

  1. Livets sirkel!

    Og det med kaldt vann og planter har jeg hørt også (faktisk også sammenligningen med føtter). Nyt tiden!

    SvarSlett
    Svar
    1. Samlet varmen så lenge den var her...no er det meir normal trøndersommar :)

      Slett