tirsdag 18. april 2017

Mi påske

Påska har gått fort. Den har vore fin! Her kjem nokre bildeglimt.

Første del av påska var vi heime. Det var kaldt, snø og mykje inneliv! Og mat, naturlegvis. Her illustrert med eit posjert egg. Det skal vere egg i påska! Eg likar både ekte egg, maraipanegg og sjkoladeegg. Eg fann faktisk små egg med mandlar og lakris, dei er vekk no! Nam!


Ein litt frossen krokus med "beina" i snøen.

Etterpå reiste vi til familie i Romsdalen. Der vart været finare for kvar dag! Vi traff slekt og vener, rakk fjelltur, både med bil og til fots. Vi feira svigerfar og svogers fødselsdag skjærtorsdag.





Mamma sin fødselsdag og mamma og pappa sin bryllupsdag(nr. 61!) vart feira på langfredag. Der var nesten heile min familie, 26 med stort og smått til middag! Og då trongs det litt kaker!



Nokon, ikkje eg, var på topptur ein dag. Men eg fekk meg ein fin fjelltur til fots, bittelitt hytte og sol i ansiktet!



Hytta i mitt hjerte!

Vel heime har vi fått fram hagemøblane, og sjølv om det var kaldt, er det noko med å sitte i solveggen(med pledd og dunjakke)


No er det kvardag. Igår reiste eldstejunior tilbake til militære, og yngste junior kom heim frå klassetur i Amsterdam. Idag har eg rydda vekk påskepynten, funne fram reine dukar og kjent at sola varma! No står det att å ete opp restane i påskeegget...



2 kommentarer:

  1. Så mange nydelige bilder og jeg med min sukkerabstinens sikler av kakebildet enda!!!

    SvarSlett