lørdag 7. januar 2017

Laurdag

Eg er ein stor tilhengar av helg! Eg hadde nok ikkje sett pris på berre helg, men vekslinga kvardag/helg er fin.
Idag hadde eg ingen planer, men jammen har eg klart å fylle dagen lell. Først var det frukost. Lenge! Tekanne med julete, aviser, kryssord, ein havrekjeks med edamerost til frukostdessert. Klementin.
Etterpå vart det bytur. Eg hadde ingen konkrete planer med kva eg skulle, berre kikke litt på salg for å sjå om eg fann noko eg ikkje viste eg trong. Rolegare i byen no enn rett før jul, heldigvis! Då er det så fullt at eg får litt klaustrofobi, og stikk heim at så fort eg kan. Etter ei stund fann eg ein kafe, drakk te, åt lunsj og las avis. Fekk sms frå ein kollega på bytur, og det vart spontant treff på kafe. Så triveleg! Etterpå fann eg sko, fornuftige pensko med lav hæl. Eg har ei stund vore bekymra for at eg har mista litt grepet på skokjøp, for eg har nesten ikkje kjøpt sko på lenge. Før var eg meir impulsiv på den fronten. Men det viste seg at det handlar om å finne dei rette skoa. I tillegg fann eg ein lett genser i ull, som eg også har vore på leit etter.
Lunt inne medan snøen regnar bort

Vel heime vart det middagskoking, til junior og meg, mannen er borte i helga. Kylling fyllt med edamerost og surra i bacon, og grønsaker som fekk steike med i panna. Masse smak!
Eg har bakt kake til kyrkjekaffe i morgon, og noko eg skal ha med som gåve på ettermiddagsbesøk. Eg har prøvesmakt litt, saman med ei ny kanne med julete. I kjellaren har junior "jam" med musikkompisar, og eg høyrer musikk medan eg bloggar.

Kjem på at eg skulle vaske klær i dag, alle adventsdukane ligg i kjellaren, klar til vask. Der blir dei nok liggande til måndag! Det er jo lenge til advent? Kassene med nedpakka julepynt blir ikkje sett på loftet før måndag, det kan jo vere at eg finn noko eg har oversåg då eg rydda i går? Eg hadde ei lita opptelling på englar, eg ga meg med telling på 75 stk, det er mange fleire... Slik gr det når ein har samla i alle år!

Resten av kvelden går nok med til samme travle program som resten av dagen! Har du hatt ein fin laurdag?

2 kommentarer:

  1. Lørdagen min ble tilbragt i pysj, aldeles herlig må jeg si! Har du fått vasket dukene?

    SvarSlett