tirsdag 29. mars 2016

Vekestart veke 13

Påska 2016 er historie, eg har vore på jobb idag, junior har returnert til folkehøgskulen og vaskemaskina jobbar overtid. Det har vore ei fin påske, med både heimeliv, Romsdalstur, besøk hos svigers, storfeiring av mamma sin 80årsdag og mamma og pappa sitt diamantbryllup.
Vått ute!

Mamma og pappa for 60 år sidan


Det har vore sol og regn, resten av familien har vore på toppturar, eg har rusla litt rundt i vårlandet. Sett snøklokker og snøsmelting. Vi har treft familie, vi har ete godt(veldig godt!) og mykje. Eg har lese den siste ferdig bok 4 i Napoliserien til Elena Ferrante, eg har stort sett lese dei på engelsk, og er klar for å lese dei på nytt på norsk om ei stund. I påska må ein lese krim også, og eg har lese "Kureren" av Kjell Ola Dahl. Den har vunne både Bragepris og Rivertonprisen, og kan anbefalast!
Og denne utsikta reiste vi frå... 

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å kome heim att! Til mi seng, mitt kjøkkenbord og knekkebrød med ost. Gulrot i matpakka og råkost til middagen. Rutiner og kvardag er godt!
I kveld skulle mannen bort, og junior er på konsert, så jammen vart det heimeåleinefest for mor! Som eg vill og gal har brukt til å vaske klær og bake knekkebrød og brød... Eg har brukt opp ryggen no, og har difor landa i sofaen. Eg har ei bok som ventar på meg; "De fem årstidene" av Gaute Heivold. Eg starta så vidt i går kveld, og gler meg på fortsettelsen!

Fritid

Fritid? Ja vel.
Og resten av tida
kva heiter den?

Einar Økland

Er det ikkje fint? Kva er fritid? Kva er den andre tida? Av og til tenkjer eg at fritid er å ligge i sola og lese, andre gonger er det å ha fri til å bake, eller rydde eller kunne gå på kafe. Lese avisa og drikke te, andre gonger rydde i eit skap eller sjå fjernsyn. 

No skal eg ha fritid og lese litt, og kanskje prøvesmake det nystekte brødet. Ha ei god veke med fritid til det du treng! 


søndag 20. mars 2016

Vekestart veke 12, om påske, egg og vår

No byrjar "den stille veke", som er dagane frå palmesøndag til skjærtorsdag. Vi skal vere heime det meste av denne tida, eldstejunior skal jobbe og eg har (kanskje urealistiske) planer om alt eg kan rekke når eg har dagen disponibel...men eg veit at først skal eg ete frukost og lese avisa, tømme kanna med te, og så er det brått "Påskelabyrinten" på radio. Ingen kan gjere noko anna samtidig då?! Så skal eg sette på ei vaskemaskin, og plutseleg ser at vi treng meir brød eller mjølk eller epler, og då må eg ein tur ut. Når eg kjem heim, kjem eg på at det eg skulle gjere når eg var ute, var å vaske bilen. Når eg sett mjølka inn i kjøleskapet, kjem eg på at eg skulle jo vaske der, men det rekk eg ikkje no, sidan eg må henge opp klær før eg skal lage middag. Og etterpå må eg jo utnytte at eg har fri, og sove middag. Kanskje eg skal få med meg påskekrim også, og då er jo dagen omme! Til mitt forsvar vaska eg vindu igår!
Og eg har prøvd ut fleire oppskrifter på egg til frukost, og fleire skal det bli! Dei påskene vi er heime, har det vorte tradisjon med nye typer egg kvar dag. Vi har prøvd ut egg benedict tidlegare, og det vart så godt at det må vi ha iår også(eg må berre ut og kjøpe spinat før frukost i morgon) I går laga vi eggemuffins, det var veldig godt og enkelt! Ein liten omelett til kvar på ein måte. Idag laga vi djevleegg, det høres ikkje bra ut! Men det smakte godt!

4 egg
1 ss smør
1 ts sennep
finhakka vårløk
finhakka rødløk
salt, peppar
tabascosaus
Hardkok egg og avkjøl. Del i to og trykk ut plomma. Rør eggeplomma saman med smør og sennep, bland inn løk, smak til med salt og peppar. Drypp 6-8 dråpar tabasco i eggekvite"skalet" og fyll i røra. Server!
I påska må ein ha fin, gul frukost!
Djevelegg

Eg trur vår eggetradisjon er vel så sunne som dei påskeegga som blir skrive opp og ned om i avisene om dagen! Ikkje for at vi ikkje har søtsaker...det er vanskeleg å unngå, men dei egga vi snakkar mest om, er dei vi et til frukost. Eg er veldig glad i søtsaker, eg er særleg glad i sjokolade...sukk! Men eg blir matt når eg ser kor griske og desperate vi blir av billeg smågodt. I går var det forresten tomt for smågodt på REMA. Men frukt var det rikeleg av.

Ute er det øspøs-påskeregn. Det er også ein slags påskevær. Eg har gått tur i skogen idag. Fottur, det frista ikkje med ski. Is og delvis vatn i løypene, såg eg, men godt strødd på vegen eg gjekk. Det hadde vore fint med sol frå skyfri himmel, tekopp på terrassen og kanskje lunsj ute, men det blir visst ikkje denne påska. Det har sin sjarm å sitte inne i sofaen, drikke te, lese krim og småprate med resten av familien og!
Der nede ligg Trondheim
Når eg ser ut, er det grått og sølete på vegen, skitten, grå snø med grus i på plena og lite som minner om vår. Det er rart å tenkje på at om to månader kjem det mest truleg til å vere grønt og frodig. Eg klarer ikkje heilt sjå det for meg! Eg veit det ligg blomsterløk under snøen og jorda som kjem til å kome fram med blomster før graset blir grønt. Eg veit hekken som no nesten er borte under snøen, skal bli grøn og frodig. Men enno er det nesten som ein urealistisk draum! 

Det hemmelig under

Så rart det er å våkne
en tidlig tidlig morgen
før åsene er åser
og trærne er blitt trær
Det hemmelige under
Som også heter våren
har ennå ikke rukket
å ta på sine klær.
Et glimt av fryd i luften
Som hjerte ikke fatter.
Det sunne pust fra noe
Som blir i evighet.
En munter sølvblank gjenlyd
Fra en usynlig latter:
Akk menneske, så lite,
Så ingenting du vet!

av Inger Hagerup.

God veke til deg! Enten du har ferie, heime eller borte eller må jobbe og har mest vanlege dagar, tenk at snart er det vår!

mandag 14. mars 2016

Mammaliv


«Mamma, har du tenkt på at du snart ikke har barn lenger?» spurte han som idag fyller 18, for nokre veker sidan. Hah, han trur han ikkje er barn lenger når han er 18?! Nå nei du, lille venn, du er barnet mitt så lenge eg lever! Og så lenge du bur heime, gjeld mine reglar! Så det så! 
Eg syns det var skummelt då eldstemann fylte 18, kvar går vegen no liksom? Men det har gått bra. Eldstemann har flytta ut, han får vener, taklar små og store utfordringar, spør av og til om råd og hjelp, vasker klær med godt resultat. Idag kjem han heim etter 3 veker på tur på New Zealand. Eg har til og med lånt han pengar slik at han skulle få hoppe i fallskjerm og strikk. Eg har vorte mykje tøffare med åra!

Liten kar!


Men klisje på klisje, kvar vart tida av!? Denne vesle karen(som var meir enn stor nok då han vart fødd) er altså straks 18 år.
Igår hadde vi feiring av junior, og den eine gjesten hadde termin på laurdag og har ein relativt kulerund mage. Eg fekk flashback direkte 18 år tilbake i tid, og kjente nesten rier i kroppen... Eg var vak klokka 4.29 i natt også, og huskar den vesle kroppen(som ikkje var så liten...) eg fekk i armane. Og eg huskar veldig godt at det var ein utålmodig liten kar vi hadde fått! Rett nok låg han mest til lading det første året, berre han fekk mat regelmessig, men det har vore mykje fart og temperament i åra ettepå!

No har han dato klar for oppkjørng til lappen. Han står opp om morgonen, heilt av seg sjølv. Han held orden på det meste av avtalar, skule, fritid, vener. Han er sosial, blid, omtenksom, kreativ og sosial. Han spør kvar dag kva eg har gjort og høyrer etter svaret, og spør gjerne meir. Han tek gjerne ein telefonsamtale med bestemødre eller eit kaffebesøk hos onklar og tanter. Han er musikalsk, flittig med skulearbeidet, strekker seg stadig litt lenger. Han gjer det han skal. Kreativ og nyskapande i matlaging. Lidenskapen er musikk i dei fleste former, som han gjerne deler entusiastisk av med mor og andre som vil høre. Eg har fått utvida min musikkhorisont! (og i helga spela han i NM for korps, i elitedivisjon. På kontrabass. Sa du stolt mor?!)



Han likar å sove i helgene, han likar å utsette (i hans auger) uviktige ting(som støvsuging og rydding) Han er litt uklar på avtalar for innetid i helgene. Han er optimist av natur! Også i planlegging og avtalelegging...
Men alt i alt vil eg seie han er ein kjernekar! Kjekk å ha i huset. Det er godt han skal vere heime ei stund til! Eg(ok, i storsinn: vi) kan seie oss fornøgde med jobben vår så langt! Saman med ytre rammer som vener, barnehage, skule, lærarar, storfamilie har vi fått fram ein kjekk kar!

Men kvar vart tida av?! Og han skal enno følge mine reglar(men det er ikkje noko problem, seier han) og han vil alltid vere min minstemann!


Gratulerer med dagen, minstemann!  

torsdag 10. mars 2016

Vekestart veke 10

Idag skein sola i solveggen då eg kom heim. Eg kunne nesten sjå at snøen smelta. Eg tenkta at det mest fornuftige å gjere no var å sette seg i solveggen og kjenne varmen, samle D-vitamin og nyte dagen. Eg var berre så vidt inne og henta ein skinnfell og ei god bok, før eg sette meg rett neg for å nyte årets første lesestund på terassen.
Det var så godt! Eg kjente sola varme, eg måtte opne jakka, og det var framleis varmt nok. Eg måtte lage eit par snøballar for å sjå om dei smelta av solvarmen, det gjorde dei! Herleg! Ein time og eg kjente at batteria vart lada (og eg hadde tresmak i baken...)

Godplassen i solveggen
Utsikt frå uteplassen. Det er litt igjen før terrassen er snøfri...




Fargesterke strømper



Sola gjer jobben, snøen smeltar på terrassen



Eg las eit marsdikt i dag, som eg tenkte å dele med deg:

MARS

Som
solstrimer 
gjennom 
nakne greiner
siver våren
inn
mellom vinterdagene

skaper
tonelek
i luften

trekker
farger
ut av 
jorden

smeiger
sjelen
med varme 
vinder

Tove Houck

(Vekestarten er litt forsinka denne veka og, men diktet er iallfall rett i forhald til årstid og er vel fint å ta med inn i helga også?!)

"...solstrimer gjennom nakne greiner..."
Måtte det bli mange slike dagar framover! Ønskjer deg ei god marshelg!

tirsdag 8. mars 2016

Tirsdagstulipan

Eg er så fasinert av tulipanar.
Tuplinbukettar er eit pust av vår inn i stova medan snøen ligg(og det stadig kjem meir snø ute) Det er ei påminning om at snart blir det vår og sommar og blomster ute. Det er sin sesongblomst av beste sort!
Dei er så fine når det er berre knoppar, tette, der eg så vidt aner kva farge som kjem. Så åpnar dei seg, og brer seg utover. Og så veltar dei over kanten av vasen, ned på bordet, foldar seg ut og sprer på ein måte både solskinn og glede! Drikk masse vatn og furtar om vasen går tom. Til slutt byrjar kronblada å falle av, ned på bordet. Det dryssar pollen ned på bordet og duken om ein ikkje passar på...men det er litt av sjarmen!

Og ein tulipanbukett nærast ropar om å bli fotografert! Under kjem masse bilder, av samme bukett, tekne den siste veka.








fredag 4. mars 2016

Fredag

Det er fredag. Eg har vore kort dag på jobben. No er eg heime i selskap med kranglete rygg. Så glad det finns smertestillende når dagen først er slik. Det er heldigvis ikkje noko som MÅ gjerast for å at helga skal kome, så etter ei stund i horisontalen, skal eg pusle sakte med å lage middag og lese aviser.

Og heldigvis kjøpte eg tulipanar igår, som har muntre meg opp idag.



Og er ikkje dette fine grønne gleder? (Alt ein har i skapet... )


Ha ein god fredag!

tirsdag 1. mars 2016

Ordning og reda i oppvaskmaskina

For ei stund sidan skreiv Dagens Næringsliv om stabling i oppvaskmaskin; Oppvaskmøte. Då eg tømte oppvaskmaskina idag, byrja eg tenkje på den artikkelen.
Igår såg eg junior tømme oppvaskmaskina. Han starta med bestikkorga! Det var så rart at eg å måtte kommentere det. "Hæ, det gjør æ alltid!" sa junior. Kvar har han det frå? Eg startar (nesten) alltid med glasa i øverste skuff, og arbeidar meg nedover, og står igjen med den kjedelege bestikkorga til slutt. Eg ser at junior har eit poeng, det kjedelegaste først. Men endre rutine?!
Ein av mine beste venner!
Eg kan forresten sjå kven som har stabla og starta maskina også. No er det oftast eg, men er det mannen, ser eg det klart og tydeleg. Han sorterar glasa, slik at dei like står saman, og koppar for seg. Tallerkenane er også sortert, slik at det berre er å ta dei ut som ein stabel og sette rett på plass skapet.
Men han utnyttar ikkje plassen så godt!

Eg fyller nemleg maskina for å få mest mogeleg inn! Vi snakkar mest! Eg veit akkurat kvar kasserollelokka kan stå, og samtidig få på plass til ei gryte, saftmugga og middagstallerkenane. Eg veit(betre enn alle, meiner eg) kvar glas og koppar og litermål skal stå i øverste hylle for å utnytte plassen best mogeleg og framleis bli reint. Eg kan bruke god tid på stabling for å sleppe å vaske noko for hand... Eg kan vurdere kva eg skal dekke med, utfrå om det kan gå i oppvaskmaskina eller ikkje! Vi har ei tredje skuff i oppvaskmakina også, i midten. Der kan sleiver og vispar ligge, og det er plass til lave glass og matboksar etc. Eg veit akkurat kva som er lurt å sette der, slik at det blir plass til fleire glas i øverste hylle! Og eg veit kva om IKKJE skal stå der, for då får ikkje rotoren plass og oppvasken blir ikkje rein. Og eg flytar gjerne om på det andre har gjort. Eg er nok ein stappar (ref artikkelen i DN.no)
Eg nektar ikkje gjestar å sette inn i maskina, men eg flyttar kanskje om på ting etterpå...

Er du også den som er flinkast i heimen til å stable i oppvaskmaskina? (og no satsar eg på at mannen ikkje les bloggen min på ei stund... )
Og kanskje eg skulle skrive litt om sortering av klesvask og oppstart av vaskemaskin også?!