fredag 2. desember 2016

Oppsummering, novemberliste

Det er på tide å oppsummere november, kva har eg gjort og kva vart med tanken? November gjekk iallfall fort, det har vore ein god del avtalar i kalenderen, i tillegg til det faste har eg for eksempel vore på Tupperware-kveld, konsert med junior, kafekveld med venninne og på hobbykveld på jobb. 
  • eg skal fyre og tenne lys, som alltid i november. Og med meir enn minus 10 grader ute idag, er det godt med vedfyring og fullt vedskot! Eg har fyra masse og brent litt lys! November er på mange måtar ein innemånad.
  • eg vil bake meir, grovbrød(for "dei heimebakte brød er best, mamma", seier junior, og eg er lett å lede!) og eplekake(for kjellaren er full av epler) Eg skal lage kaldheva rundstykker til helgefrukosten og drkke te til frå den nye tekanna mi! Kjem på at det er lenge sidan eg har bakt eltefritt brød også. Inn på lista med det også! Eg har baka! Brød fleire gonger, loff og aniskringler. Litt julebakst som eg har gitt bort. Men ikkje eit einaste eltefritt brød, heller ikkje eplekake. Epla vart i staden til rå eplesaft, kjempegodt! 
  • lese gode bøker! Eg ventar på ei bokpakke, gler meg på den og har nettopp starta på ei ny, tjukk bok som lovar veldig godt. Det går berre så sakte, for eg sovnar så fort på kvelden. Eg har lese ut ei bok, på over 700 sider, og no har eg byrja på den nyaste til Jon Michelet, om Skogsmatrosen. Innimellom har eg lese masse aviser, ukeblad og ei og anna lett bok.
  • eg skal ut i skogen og plukke grøne greiner og tytebærlyng, eg har lyst å lage adventskrans for å ha både inne og ute. Det burde gå, sjølv om det akkurat no litt eit melisdryss av snø over skogen. Dette punktet innebær også å rydde vekk plantene ute, som igrunnen har gjort jobben sin i sommar og haust, og som ser litt slappe ut etter lite vatn og etterkvart frost. Altså, her har eg gjort nesten alt! Eg har plukka kvistar, greiner og tyttebærlyng, og lage ein fin  grei krans, men den tåler ikkje å henge ute... så den ligg på eit fat i yttergangen og ønskjer alle gjestar velkomne!
  • Eg skal i det heile gå i skogen og ta inn skogens ro! Nyte at eg har piggsko som gir meg godt feste, gå av meg høge skuldre og mas, gå på meg eit smil. Helse på dei eg møter. Prøve å få med meg dagslyset når eg kan, men også møte blåtimen ute. Blåtimen har eg møtt først i dag, men eg har gått og gått, som eg brukar gjere. Som før nemnt, blir nesten alt betre av å komme seg ut og gå. Så då prøvar eg gjere det, også dei dagene eg høyrer sofaen nynne vakre sangar.



  • vi skal feire farsdag og thanks-giving, kanskje blir det ein liten helgetur, og junior kjem heim på perm. Fine ting som gjer helgene i november lysare! Vi har feira farsdag, men thanks giving måtte gå ut av hendingar ingen rår over. Vi har vore på hegetur til Romsdalen og junior har hatt perm. Helgene har gått unna i ein fei! Ikkje berre det, men eg har feira fødelsdagen min med fin middag. Eg har rett nok fødselsdag i august, men eg fekk middag i gåve av ei venninne, og vi har ikkje gjennomført før i november. Det var altså ein super presang! 
  • Eg skal prøve byggrautoppskrifta til Anne Helene og spare både kaloriar og plast! Kjempegodt, faktik så godt at resten av familien åt opp før eg fekk sukk for meg :) Plana er å prøve til igjen, eg må berre huske det...
  • Klementinsesongen er igang, eg et og nyt, og kjenner kroppen får påfyll av c-vitamin. Det er på tide å ta fram att juicepressa og lage appelsin- og grapefruktjuice til helgefrukosten. Vi har laga juice, og vi har ete klementin i lange baner! Eg har laga sylta klementin også,som ein test, og det vart skikkeleg søtt og godt. 
  • Eg skal tenne lys i lyslyktene mine ute når eg ventar besøk, det er så kjekt å møte folk med lys! Gjennomført!
  • Lister for jul! Gåveliste, bakeliste, vaskeliste, alle slike lister som ryddar hovudet mitt(og som slett ikkje alltid blir fulgt) Eg lovar iallfall at eg skal overhalde jakttidene på hybelkaninar, som i distriktet her varer til ca 20. desember! Listeveldet lever, ingen tvil om det. På papir, lause lappar, i notatbøker og på mobilen. Kunne vore ein ide å samle dei kanskje??
  • Henge opp lammelåret, som no ligg i salt, til tørk, slik at det blir fenalår til jul. Lammerullen ligg i frysaren, ferdig sydd. OK
  • bake fruktkake, slik at den får ligge og modne til jul. Det blir ikkje jul utan denne fruktkaka. Iallfall ikke hos oss. OK
  • Planlegging av adventkalender. Skal vi i det heile ha? Sidan dei søte små er 18 og 20 år, meiner eg? Tør eg foreslå å droppe den tradisjonen? Kjenner eg meg rett, blir det kalender, fordi eg kosar meg med det, og fordi dei sett pris på det(trur eg) Det vart kalender, jada. Det manglar pakker frå 14. og til julaften, men dersom sonene les dette: det er ingen grunn til panikk, det kjem!

Alt i alt syns eg november har vore fin. No er eg klar for advent og jul, og om ei stund er eg nok klar for eit nytt år også. Eg likar fest og glede, men kvardag er også fint! Og då passar det med november, kvart år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar