torsdag 16. juli 2015

Værsjuk (ein slags vekestart)

Eg har så lyst å vakne, kle på meg berre shorts og tskjorte og ete frukost i solveggen. Det har eg knapt fått gjort i sommar... klart det er andre ting som er fint i livet også, men eg lengtar etter sol, gjerne ein varm kveld eg kan sitte ute og lese og kjenne resten av solvarmen og knott som bit. Eg vil gjerne bruke bikini ein dag!
Tanken trur at sola skal komme automatisk når det blir ferie. Erfaring frå mange sommarferiar på Vestlandet burde ha lært meg at slik er det ikkje! Eg har hatt ferier med sol og ferier med ullgenser og stillings. .. årets er mest mot det siste. Og det er jo andre ting som er bra. Familie, vener, natur, fri og late morgonar.  To kopper med te før noko anna skjer. Lese på senga til litt for seint. Tid til å treffe folk ein sjelden ser.
Igår kom vi oss ut på tur. Det regna litt, skodd dreiv rundt oss, etterkvart regna det meir, til slutt pøsregna det og då vi kom til parkeringsplassen såg vi ikkje tvers over den... Myra og stien vart meir og meir vasstrukken.
Men vi var ute, vi hadde varme klær og gode sko, mat og vi var saman!
Herjevatnet og eit fjell med skodde

Store bekkar

Langbeinte soner gjekk fortare enn mora

Eg veit det skal vere fjell her ein stad, mange fjell!

Parkeringsplass i skodde...

Det kan passe med eit dikt om myrull, livet og pusten.


SUS I MYRULL
av Hans Børli
Livet er ikke alltid
et hesblesende kappløp med døden.
Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot smpå mål.
Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull – -
Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.
Men alle dissse flittige -
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk … ?
De er så gjerrige på minuttene.
Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.
Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.
Og ensomme fugler 
seiler i sol,
seiler i sol og skriker —


Det blir nok sol ein dag. Det regnar igjen idag. Kanskje i morgon?
Ha ei fin veke.
(Snart skal eg byrde å blogge litt meir regelmessig igjen!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar