torsdag 23. juli 2015

Stockholm

Ferie er naturlegvis å ha fri, ein treng ikkje så mange planer, men det er godt å kome seg litt vekk frå kvardagen og vaskemaskinfylling og plenklipping.
Vi tok ei langhelg i Stockholm. Det er ein fin by! Eg var der i haust også, og då var det så fint vær at eg rekna med det var standard der… Vi hadde direktefly frå Trondheim, så vi var der på "null tid"(nesten).

Ok, så slo ikkje veret heilt til… Eg hadde planlagt at vi skulle bade i skjærgarden, men det vart ikkje noko av. Det var grei temperatur, regn kvar dag og slik sett velegna for byvandring.

Familien er eit bokelsaknde folk, særleg mor, og det ar litt stas at hotellet Morington hadde bøker overalt! I resepsjonen, i spisesalen og på rommet! Mykje heilt ukjent, svensk litteratur, men også kjente bøker. Mannen rakk å lese ei av Arn-bøkene av Jan Guillou, om bygginga av Stockholm by. Hotellet låg på Østermalm, som er litt å gå frå sentrum, 20-30 minutt, det kjem an på om du er mor eller ei mor som prøvar halde følgje med langbeinte soner…
Kva gjorde vi i Stockholm?

  • båttur på sjø, innsjø og kanalar med guiding. Veldig fint! Får sett mykje på kort tid, og historikk samtidig. Plana om ta guidebuss rann ut i sanden.
  • vi gjekk og såg på byen og folkelivet. Gamla stan er veldig fin, men også andre deler av byen er fin, det er parkar og hus og gatemusikantar. Byen(sentrum) er ikkje større enn at ein rekk over mykje!
    Brustein. Vi gjekk mykje på slik.
  • vi år i ein mathall ein dag. Der er det mykje å sjå, prøvesmake og berre overveldast av, i tillegg til å ete.
  • mat generelt er viktig på ferie!  Vi har ete både typisk svenk, og meir andre ting som indisk, kinesisk, meksikansk, japansk, tyrkisk+++ 
    Biff i ein slags nøttesaus

    Sterk kylling!



    Nede i ein mørk kjellar åt vi sandwich
  • vi vart gode på å finne stader å ete, gjerne små plassar. Og aldri har eg hatt tilgang på så mykje gratis trådlaust nett, for det må dokumeterast på snap og insta +++ at ein er på ferie og tenåringane hadde ikkje ubegrensa med 3G på telefonen. Det er mykje gratis nett i Stockholm, det var stort sett berre å spørre, så får ein passordet.
    Mor er like ille som sonene på sosiale nettverk!
  • vi var på Vasamuseet. Tips: ver der når dei opnar, då vi var ferdige med vårt museumsbesøk, var køa sikkert 150 meter lang… 
    Vasaskipet
  • slottet!!! Det er omvisningar og deler er opne så ein kan gå rundt sjølv. Vi gjorde det siste, og skulle hatt mykje meir tid. Vi såg mykje pomp og prakt! Vi var i Slottskyrkan, og det var artig å gå ned trappa der prinseparet dansa ned for ikkje så mange vekene sidan. Romantisk og stas for ein royalist som meg.
    Heilt grei stil på slottet
  • Grøna lund, tivoli nesten midt i byen. Den dagen REGNA det… det vart ikkje like kjekt som om det hadde vore sol… Fordelen var at det ikkje var kø. Men for meg som er ekspert i å passe mobiltelefonar og jakker vart det evig jekt etter eit tak å stå under.
    Eit lite glimt av sol, faktisk
  • gitarbutikkar! Eit viktig innslag i ferien for vår familie. Det var visst eit godt utval av slike butikkar i Stockhlm, eg kan igrunnen ikkje meine så mykje om det, for eg kom til å gå for meg sjølv og gjere andre ting akkurat då :)
    Trange handlegater
  • Storkyrkan. Vi var på gudsteneste her søndag. Litt meir høgkirkeleg enn ei vanleg gudstenste i Norge, fint å vere med på.
Kyrkjetak
Ein fin ferie! Og som alltid godt å kome heim! 


Og nokre skattar fekk eg med meg heim:) Knekkebrød, te, snop, neglelakk og notetbok, mellom anna. 



3 kommentarer:

  1. Stockholm har jeg ikke vært i ennå. Men det kan godt tenkes at jeg og min kjære reiser dit alene. Da blir det nok innom disse gitarbutikkene ( og jeg finner noe annet imens ), spising, kultur og dill. Regn er vi vant til her + vind, men ønsket er nok helst å være uten :)
    Jeg skal legge dine tips på minnet.
    Siri

    SvarSlett
  2. Hørtes herlig ut, kjekt med ferietips også med store unger!

    SvarSlett
  3. Dette hørtes bra ut, har ikke vært i Stockholm i voksen alder men tar gjerne en tur når sistemann er ute av redet og mor og far reiser alene;)

    SvarSlett