mandag 20. juli 2015

Jordbærtider (og vekestart på ein måndag)

Altså eg må berre påpeike at eg er i usedvanleg god rute og legg ut vekestart på mandag denne veka(for første gong på svært lenge, men…) 

Ferien er over, vi er heime igjen etter 3 veker på farten, vi har berre såvidt vore innom heimen og pakka om, vaska litt klær og sove ei natt eller to, og det bær huset preg av… Støv og hybelkaninar slåss om merksemda mi. Eg er ikkje tilbake på jobb enno, og eg skal prioriterer tida mi betre enn til vaskining, så huset vil bære preg av ferieavvikling ei stund enno. Det tek si tid å pakke ut, vaske alt som er skittent og halvskitten og få ting tilbake på plass i kjellar og på loft. Det tek si tid å fylle opp att i kjøleskapet, og få døgnrytma på plass. 
Idag har eg sylta jordbær. Det er jordbærtider. Det er rette tida for dessert kvar dag, jordbær med fløte, vaniljesaus, kesam, is eller noko anna godt. Eit dryss mynte på toppen, sukker kanskje? Berre jordbær i skiver på frukostbrødskiva, ferske jordbær til havregryna til frukost? Jordbær som snacks på kvelden! Vi fråtsar akkurat no! Kjenner at vi tygger på antioksidantar og vitaminer dagen lang! 


Eg ønskjer meg jordbærplanter i hagen, men det får bli ait anna år. Nokre år er vi heldige og finn to eller tre markjordbær ved postkassa, men iår har det nok vore for vått og kaldt. No er iallfall forsyninga vi skal nyte i vinter vel på plass i frysaren, til bruk på brødskiva, som dessert og til vaflar! (og eg er usikker på om det seier noko om kor effektiv eg er eller kor seint junior står opp, men eg var iallfall ferdig med syltinga før han sto opp)

Det gir seg litt sjølv kva som skal vere vekestartverset idag:

VISE FOR GÆRNE JINTER 
(Alf Prøysen )

Oppå lauvåsen veks det jorbær,
fine jorbær, raue jordbær.
Hele væla er bære jorbær
finn et strå og træ dom på...
Ett er for gammalt, den ska få stå.
Ett er for grønt, den går vi ifrå.
men æille andre ska vi ta med hematt
og leve lykkelig med sukker på.

Oppå lauvåsen veks det gutter,
fine gutter, lange gutter.
Hele væla er bære gutter
finn et strå og træ dom på.
En er for gammal, hæi ska få stå.
En er for ung, hæin går vi ifrå.
men æille andre ska vi ta med hematt
og leve lykkelig med sukker på.

Oppå Lauvåsen veks det minner,
gode minner, gærne minner.
Hele væla er bære minner,
finn et strå og træ dom på.
Ett er for gammalt, det ska få stå.
Ett er for nytt, det går vi ifrå.
men æille andre ska vi ta med hematt
og leve lykkelig med sukker på.

Og inni hodet mitt, har eg flerie innlegg klare. Eg skal dele ei god oppskrift, eg skal fortelje om Stockholm og eg skal synse litt om helsevesenet.

Ha ei strålande veke! Vips så skriv eg litt igjen!

2 kommentarer:

  1. Så herlig med Jordbær! Har nokre få planter i hagen. Kjekt å kunne gå ut før frukost og plukke litt. Diverre fører regnet til at enkelte rotnar før dei vert modne.
    Så kjekt med ferietur!
    Fin ny veke :-D

    SvarSlett
  2. Så herlig med Jordbær! Har nokre få planter i hagen. Kjekt å kunne gå ut før frukost og plukke litt. Diverre fører regnet til at enkelte rotnar før dei vert modne.
    Så kjekt med ferietur!
    Fin ny veke :-D

    SvarSlett