onsdag 25. februar 2015

Leselogg, januar/februar

Eg prøvar å halde oversikt over kva bøker eg les, men det er ikkje så lett. Eg har ei bok eg skriv dei inn i, men det skjer stadig vekk at eg gløymer det… Det hjelp å lese på Kindle, då ligg bøkene der etterpå! Og ofte blir det liggande bøker i stablar rundt om, så etter ein runde rundt på stova, kontoret og nattborde, har eg ei viss oversikt over kva eg har lese etter jul.

Svøm med den som drukner (Lars Mytting) Denne ga eg til mannen på farsdagen. Den fall i smak hos han, og eg likte den og godt! Det er ei trist historie, men godt fortalt!
Torsdager i parken (Hilary Boyd) Lettlest, heilt grei, men fort glemt.
Very Valentine  og Brava, Valentine(Adriana Trigiani) Familiehistorie om ein italiensk-amerikansk familie. Lettlest, kanskje på grensen(over?) til chiclit, men ein treng det også!! Det er ei tredje bok også, den er lasta ned til Kindle, klar til lesing.
Den uekte (Hari Kunzru) Bok om ein indisk gut, fødd i høg klasse, men som ramlar ned, og jobbar/bløffar seg opp. Innsyn i eit anna land, anna liv, anna tid.
Over det kinesiske hav (Gaute Heivoll) Ei gripande, tankevekkande bok. Anbefalast!

Slåttekar i himmelen (Edvard Hoem) Denne les eg no, den livar godt. Minner om Mors og fars historie, for den som har lese andre av Hoem. Også interessant fordi eg kjenner mange av stadene som er omtala.

Og har du eit lesetips, vil eg ha det!




  

mandag 23. februar 2015

Husmorskule

Eg har hatt eit todagerskurs på mamma sin husmorskule!
Eg hadde lyst å lære å lage fiskemat, syns at når eg har runda 46 år er det på tide…og eg fekk plass på vinterferiekurset!

Men for å lage fiskemat treng ein råvarer, og vi var heldige og ha leveringsdyktige bakmenn.
Lettmatros og styrmann

Fiskeflåten på veg mot land

Litt ruskevær første dagen, men dag to var det kjempefint!

Fram med vekta! 

Sjølv om sjefen for fiske har fiska i så mange år at han alltid har opplevd meir fangst, så vil eg seie at vi hadde godt om råvarer! Torsk, lyr, hyse, sei, kolkjeft vart med opp. Skate fekk vere med opp, men vart diskvalifisert. Flyndra, knurren og ueren vart ikkje med til land ein gong.
Heldigvis har det vorte slik at fiskaren leverer frå seg kun fiskefiletar. Lettmatrosen vart god til å filetere, og eg slapp.

Så var vi klare for matlaging!
Først på med forkle.
Forkleselfie

Så prøvde eg finne oppskrifta vi skulle bruke. Men det viser seg at etter omtrent 59 år som husmor treng ein ikkje skrivne oppskrifter, derimot har mamma dei i hovudet og fingrane. Eg derimot, med ikkje like lang fartstid, fekk skrive ned ei omtrentleg oppskrift, som kan brukast saman med erfaring.
Vi startar med fiskefilet.

Opp i foodprocessoren, saman med salt, potetmjøl og muskatnøtt. Kjør saman og så spe med mjølk.
Hyse eller lyr, eg kjenner ikkje igjen fiskeart når det
er filet(ikkje alltid som fisk heller)

 
 
Læraren sjekkar om eleven har gjort som ho skal.

Det vart godkjent, og vi byrja steike kaker.


Litt av resultatet. Det vart 120 fiskekaker!

Dagen etter var det også mykje fisk. Då laga vi fiskeball. Det er mykje likt i oppskrifta, men her er det også løk og peppar. Det vart 90 stykker. Eg kjente meg som ei dreven husmor etterkvart som timane gjekk på kjøkkenet!

Her er det filet av kolkjeft
(det veit eg fordi eg veit det)

Fiskeball som kokar
Og idag har vi hatt fiskeball til middag. Heimelaga mat smakar godt, mat ein har laga sjølv smakar om muleg endå betre!!
Fiskeball med bacon, potet, gulrot og kålrot.

Og til slutt, litt natur:
Då eg venta på å sjå fangsten, gjekk eg rundt i fjøra og fekk sjå mykje vakkert!
Naust #1

Naust #2 


Samme fjell og fjord på biletet både over og under
her, sola gjer ein forskjell!



søndag 22. februar 2015

Vekestart veke 9

Vinterferien er unnagjort. To dagar fri får jobb ga oss ei långhelg, og den har vi verkeleg fått utnytta! Eg skal gje dykk innsyn i to dagar med "husmorskule" i eit seinare blogginnlegg.
Idag skal eg vise nokre bilder frå ein snartur før vi sette oss i bilen idag, og dele vekas dikt.
Ei grind 

Ord over grind
Du går fram til mi inste grind,
og eg går óg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma iblant
som no over knatrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas






Det hadde snødd i natt, og verda var litt svart/kvit, men det var masse farger lell!

Ha ei god veke!

tirsdag 17. februar 2015

Vekestart veke 8

Av og til går dagane utan at eg får gjort det eg tenkjer at eg skal, som å skrive vekestarten på bloggen. Den har liksom vorte ein "må-ting", om ikkje anna skriv eg iallfall det innlegget kvar veke!

Så idag, på ein tirsdag, kjem vekestarten:

Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld, og kvar gong er det like
spanande å opne ho.

Jan Magnus Bruheim


Eg kan ikkje skryte på meg ei boblande glede over ein ny dag kvar morgon. Ofte startar dagen med ein indre dialog mellom meg og fornuften, kan eg sove litt til? Ein liten snooze på vekkeklokka? Men eg står opp. Eg er ikkje frå meg av undring over kva som kanskje står i avisa(men avis må eg ha) Eg et frukost av gamal vane. Eg køyrer eller går til jobb, og først då byrjar eg vakne såpass at eg kan legge merke til at lyset kjem tidlegare for kvar dag, at det kanskje er ein fin soloppgang eller liknande. Eg gler meg over dagen! Og det er det jammen grunn til! Tross smårust i kroppen og trøytt tryne, eg har jo hus og seng, ein fin gjeng heime og eg har jobb å gå til!

Søndag hadde høg, blå himmel og sol! Vind som
ikkje vises på bildet og frisk luft!

Idag var forundringspakka ei ommøblert stove då eg kom heim frå jobb. Alt for at
 med junior og kompisane,som spela kontrabass, trommer, piano og gitar med høgt lydnivå, skulle få plass.
Og no har dei rydde alt tilbake på plass. Det er kanskje det beste?


torsdag 12. februar 2015

Brutal realitetsorientering

Junior er russ i år. Det har vi ikkje merka så mykje til. Men det vi har merka er at han må finne noko å gjer etterpå, til hausten. Militæret meldte seg på, og folkehøgskule. Det blir folkehøgskule.

Etter  fundering og lesing av broskyrer, som forresten er på nettet og ikkje fine, på glansa papir med masse bilder av sunn ungdom som gjer artige ting, slik det var før. Eller forresten, før, altså då eg søkte  på folkehøgskule, i 1984, var det vel matt papir…Ikkje fargebilder heller, faktisk få bilder! Altså etter å ha sett seg inn i linjer og tilbod og snakka med ei tante i bransjen, søkt og fått plass, og hatt ny tenkerunde, skulle han svare ja til skuleplass ein stad og nei til resten.
Då spurte eg dei bevinga ord: "Skal ikkje vi foreldra skrive under?" Og eg fekk eit kort svar: "Nei, nå e æ myndi, dokk ska itj skriv under!"
Hæ?!
Her har eg skrive under på alt mogeleg i alle år, på helsestasjon, hos legen, søknad til barnehage, SFO, musikkskule, trening, søknad om stipend. De har vore mi, og eller pappa´n si underskrift som har opna dører. Og no, etter 18 år, så treng dei ikkje vår underskrift lenger?!

Eg visste det jo, at han er 18 meiner eg, men eg hadde ikkje tenkt så mykje på det. Det er jo forsåvidt dette vi har jobba mot, å få ein sjølvstendig ung mann som ordnar opp, men allereie no? Kan ein bli vant til det? Slik at eg ikkje blir like forundra når nestemann fyller 18 om eit års tid, meiner eg.

Kjære de som tek inn nyblitte myndige: kan de ikkje lage eit lite felt nederst der foreldre skal skrive under? Med lita skrift kan det stå at underskrifta ikkje har noko praktisk eller teoretisk betyding( er det lita nok skrift klarer vi ikkje lese det, dei fleste av oss brukar ikkje dei aggresive brillene heile tida) slik at overgangen ikkje blir for brå? Berre eit forslag frå meg, altså.


mandag 9. februar 2015

Skulebussen


Av og til får eg ein assosiasjon, som sett i gang ei minnerekke i hovudet mitt! Denne gongen byrja eg tenkje på skulebussen.
Mine ungar har hatt både barneskule, ungdomsskule og delvis videregåande skule i gangavstand. Men i år er den eine avhengig av buss, og den andre tek ofte buss om morgonen, det sparer litt tid. Av og til klagar dei litt over at det er kjedeleg med buss. Eg høyrer berre så vidt etter. Vekkskjemte bygutar! Bussen går stadig vekk, og det er ikkje lange turen. rett skulebuss er det heller ikkje.

Eg tok skulebuss. Frå første klasse til eg var ferdig med videregåande. Det var ikkje alltid like stas, men det var ikkje så mange alternativ. Til barne- og ungdomsskulen sykla vi når det var sykkeldag, men det var vel ikkje heilt trafikksikkert…der fergebilane kom kvar halvtime. Men dei 3 mila til videregåande sykla eg aldri!

Å ta skulebuss var nesten like spennande som å byrje på skulen,(ja, det heng saman, men er to heilt ulike ting.) Eg grudde meg litt. Når måtte eg gå ut for å ikkje bli for sein, ville eg sjå bussen og greie å stoppe den? Fekk eg sitte, eller måtte eg stå? Og kvar var det ledig? Tenk om det var ved sida av ein stor, skummel femteklassing? (Eg burde forstått at Gunnar bussjåfør visste eg skulle vere med og ville stoppe, sjøl om eg ikkje rekte ut handa. Vi var ikkje så mange som skulle vere med) Bussturen var forresten ikkje så lang, maks ti minutt, men det var noko nytt dette, å ta buss åleine til noko eg aldri hadde gjort før! Gunnar var forresten bussjåfør i alle ni åra eg gjekk på Åfarnes skule, og han starte vel mange år før og heldt på i mange år etterpå.

Bilde lånt frå www.jernbane.net
Dette kan ha vore skulebussen frå grunnskuletida.

Etterkvart vart vi fleire som venta på bussen saman, då var det ikkje så skummelt lenger, og eg hadde vorte vant. Vi hadde busskur også, det var fint når det regna, eller snødde eller bles «skjelle»(som er ei lokal vindtype. Vinden kjem ned Romsdalen, og bles utover fjordarmane. Sur, kald vind som er typisk på vinteren!) Det var iallfall ikkje tvil om at vi trong refleksar der vi sto, det fanns ikkje gatelys enno. Dagens refleksvestar hadde nok vore enno betre! Vi hadde forresten stor glede av å prøve å stoppe rutebussen, som kom med togpassasjerane frå natttoget som kom frå Trondheim og Oslo. Den bussen hadde betre standard enn skulebussen, men vi skulle jo ikkje ta den bussen... Vel, vi kunne kanskje gjort verre rampestrekar! (og no går det vel ikkje nattog lenger? Dagens ungar får altså ikkje den gleda!) Heldigvis var det fine vårmorgonar, med sol og fuglesang og klare haustmorgonar med gnistrande fargar også, ikkje berre regn, snø og vind.

Turen heim att var annsleis. Då var det lave skuldre, høgt lydnivå og kamp om dei beste plassane. Eg var nok av dei stille og forsiktige, så eg satt sjeldan bakerst. Det var tryggast å ha eit ledig sete bak seg også, for elles kunne lua forsvinne... Det var forresten spennande kven ein vart sittande ved sida av også... den aller kjekkste? Den tøffe jenta i sjuande? Ein lærar som tok bussen? Eller ei god venninne som ein kunne kviskre om hemmelege ting med? Men eg slappa ikkje heilt av, for eg måtte jo huske å trekke i stoppsnora i rett tid. For dette var i ei tid då vi aldri hadde høyrt om stoppknapp. Vi drog i snora som hang framover langs vindua Den snora vart nok av og til litt fristande å dra i, også når bussen eigentleg ikkje skulle stoppe... Eg huska iallall å trekke i rett tid, kvar gong, kan ikkje huske at eg gjekk av på feil stad.

Bussturen til videregåande var litt lenger, 3 mil kvar veg. Det gav meg tid til å ete frukost(eg var ein mester i å sove så lenge eg kunne, og frukost utgjekk. Heldigvis har eg ei snill mamma som smurte mat til meg, som eg åt på bussen. Det kan vere at den maten var tenkt som lusnj, men den tid, den sorg) Eg las ofte ein siste gong gjennom leksa, repeterte til prøver. Og ikkje minst funderte eg over livet, diskuterte livet generelt og kjærleik spesielt med Astrid, min faste busskamerat. Men eg kan ikkje huske at eg sov på bussen, det ville eg heilt klart ha gjort no! Bussjåføren var den same i tre år, han kunne vegen og tok ikkje unødige pauser. Og hadde vi fritimar, var det ikkje berre å stikke heim. Bussen gjekk på ei tid om morgonen og heim til fast tid på ettermiddag. Det var naturlegvis lurt å gjere lekser på biblioteket... men eg er ikkje sikker på om eg alltid brukte tida til det! Elles er det jo artig å sjå ut på utsikta, som er vakker i Romsdalen, samtidig som ein tjuvlytta til andre sine samtaler...

Buss er ein praktisk måte å flytte skuleungar på. Ingen vart køyrt til skulen den gongen. Eg veit ikkje korleis det er no, på den skulen, men i byen er det vanleg å køyre ungane, sjølv når det er gåavstand. Det er dumt, for det blir meir trafikkfarleg for dei som faktisk går. (Ok, då eg gjekk på videregåande og hadde tatt «lappen» hendte det at eg fekk låne bil, men det var ikkje vanen! Men då var det ikkje aktuelt å gå lell...)

Eg kan ikkje huske at nokon vart bussjuke? Men nokon måtte det vel vere som syns det var ubehageleg med buss, svingar og smale vegar? Kanskje dei berre sette seg fremst i bussen?

Når eg skriv dette, kjenner eg meg omtrent 100 år gamal... Men det er berre 40 år sidan eg var på innskriving på skulen, fekk skrivebok og raud-og-blå-blyant av Jorunn og kjente på lukta av kritt på den ganske nye skulen. Lukta av bussen huskar eg ikkje. Kanskje den lukta våte vottar og salami? Skulebussen var iallfall ein viktig del av kvardagen i 12 år!


søndag 8. februar 2015

Vekestart veke 7 / morsdag

Søndag kveld, på tide å avslutte helga og gjere seg klar til ei ny veke. Igår var "Ole" på besøk, og eg forstår at vi bur langt sør og ikkje heilt på kysten, men jammen ruska det godt lell!! Vakna til kvitt i kvitt ute, men utover dagen har det snudd. No plaskrengar det, og det er riktig fin is i gata vår… Kunne klart meg utan, eg , dersom nokon spurte meg. Rakk heldigvis ein skitur før snøen var is og sørpe!

Utsikt ut kjøkkenglaset medan "Ole" for forbi


Eg syns eg har vorte godt feira på morsdagen min, med middag, kake, blomster og gåve! Eg kan fint like slike dagar. Sitte i sofaen og lese medan nokon andre lagar middag. Sove middag når nokon andre bakar :)
Blautkake 
God bok, anbefalast!

I dag, på morsdagen, passar det med eit dikt til mor.

Å være i livet:
(tre vers til mor)
Dette: å være i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset 
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte 
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.


Halldis Moren Vesaas



Heldige vi som har ei slik mor!

God veke til deg!

fredag 6. februar 2015

Fredagskveld..

...er noko av det beste eg veit. Litt panikkrydding etter jobb, litt ekstra god mat, lave skuldre, ikkje vekkeklokke i morgon tidleg! Det er berre å sige ned i sofaen, iallfall innimellom småting som skal gjerast.

Idag var det pulled pork(langstekt svinenakke, kjøpt halvferdig på REMA), med BBQsaus, hamburgerbrød, salat og ovnsbakte potetstavar til middag. Eg trur sjeldan på vel, og det vart restar, til tross for 2 uventa gjestar. Så denne gongen passa det bra at eg laga rikeleg!

Ute ular veslebroren til "Ole", trur iallfall det er han som ser an forhalda. Det er levande lys, fyr i omnen, Pepsi Max i glaset, aviser over heile stovebordet. Eg har tømt og fyllt oppvaskmaskina, eg har starta vaskamaskina, eg legg planer for i morgon, løser kryssord.

(Og eg ser ikkje TV sidan junior har besøk og har lagt beslag på tv´n. Eg treng ikkje radio, eg nyt skalaøving på bassgitar. Eg kjem til å sakne desse kveldane.) 

onsdag 4. februar 2015

"Tett inntil"

På laudag las eg eit stykke som gjorde inntrykk på med i Dagladet Magasinet:
Tett inntil (det er på Dagbladet +, så du må abonnere for å få lese)

Budskapet var at mor og far(eller mann og kone, paret) må prioritere kroppskontakt, på dagtid, for å knytte bånd(og dette handlar ikkje om sex) Ta nokre minutt på sofaen saman, ikkje prate nødvendigvis, slappe av, puste saman, opprette kontakten, vise ungane at ein høyrer saman.

Det er jo lett å seie, for kven har tid til å sitte eller ligge tett midt i ettermiddagsstresset?! Samtidig kjenner eg på det, at dei dagane mannen og eg sitt tett saman i sofaen etter middag, kanskje sovnar litt eller småpratar, dei dagane er vi nærare, eg får meir energi. (No kan du sikkert seie at vi har god tid, med store barn, men det er framleis ein del kjøring, oppfølging, lekser, prating som skal gjerast, og det finns klesvask å kaste seg over og i trappa lurer hybelkaninane, det er alltid noko som kunne/burde/skulle gjerast)

Nydelig bilde av Lisa Aisato


Eg har tenkt litt på dette stykket, så idag reiv eg ut illustrasjonen og hengte opp på pc-plassen heime, som ei påminning. Og så las eg bloggen til EventyrElin som skriv om å vere eit team som (småbarns)foreldre idag, og då slo det meg at dette tenkjer nok andre på!

Kanskje kan fleire trenge å tenke på det?


tirsdag 3. februar 2015

Sofatjeneste

Eg har hatt fri idag. Om eg hadde planer? Klart! Masse!

  • fysioterapi
  • trening
  • rydding
  • kanskje innom jobb, dersom nokre forsinka prøver kom idag likevel
  • middag
  • kanskje ta fram symaskin
Realistisk at eg skulle rekke alt? Neppe, men uten planer blir det iallfall ikkje gjort mykje, tenkte eg!

Dagens lunsj på "gjemmekontoret".


Kva eg har gjort?
  • fysioterapi
  • sofa
  • sove på sofaen
  • lese nyinnkjøpt bok på Kindle´n
  • fyre i omnen
  • høyre radio
  • lage lunsj, løksuppe med rikeleg kvitløk
Det var sikkert det kroppen trong i dag. 
Det meste på lista står seg vel til ein annan gong.
Utsikt frå sofaen
Men det blir middag då, eg har jo liste og innkjøpa er gjort!

søndag 1. februar 2015

Vekestart veke 6

Søndag igjen! Ei litt rolegare helg, heimeliv. Frokosten varte lenge, med egg, varme rundstykker og levande lys. No sitt vi i kvar vår sofa, det er stille. Ute dalar det melissnø, oppå glattisen. Det er frykteleg glatt, til og med med piggsko(men vi kom oss iallfall ut). Eg drikk bøtter med te. Litt sår hals skal jagast vekk!
Eg har dilla på kobbar for tida, det er så fint. Og azaleaen
har overlevd sidan jul.
Fredag var vi på konsert med minstemann og alle musikk- og dramaelevane på "Katta". Det har vore intens jobbing, lange dagar og mykje øving lenge, så det var nok godt å få presentere ferdig konsert. (og litt moro for mor å sjå junior med sminke og i koret!!) Kjempeflinke var dei, og eg er ein nøytral dommar! Idag er siste konsert og eg reknar med han skal bruke fridagen i morgon til å sove!

Laurdag morgon gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte ønskjer eg hadde gjort: eg laga middagsmeny for veke som kjem. Etterpå var det ut og handle inn. Du veit du har gjort storhandel når kassalappen er 85 cm lang…

Søndag: indrefilet i spekeskinke, med ratatuoille
Måndag: bakt torsk med potetmos
Tirsdag: pølseform
Onsdag: fiskegrateng (her ligg det ann til eit problem, det krever at det er restar av den bakte torsken, og det spørs om den fell i smak eller ikkje…)
Torsdag: spicy kyllingsuppe
Fredag: pulled pork 
Laurdag: Baccalao

Eg er veldig fornøgd med jobben eg gjorde i går, slike lister gir vel husmorpoeng?! Kjenner eg meg rett, kan eg lett endre planer undervegs… Men eg kan unngå å måtte på butikken kvar dag, for vi skal ha det meste i hus no, også av brød(eg har jo vorte så flink til å bake, vi har nesten ikkje hatt kjøpebrød i hus etter nyttår, og sist bakte eg like godt 6 brød, slik at eg slapp med ein bakedag i veka), mjølk, juice, pålegg(der kan det skjere seg…) og frukt(der går vi heilt sikkert tom) Men slepp eg innom butikken på tur heim frå jobb med sult i magen og desperat tom for idear, er mykje gjort! 

Etter så mykje matprat, trengs det eit matdikt! 

Først kom et lass med lisser, 
et lass med lakrislisser,
og lakrismus
og røde brus,

og sjokoladenisser!

Så kom en bil med boller, 
en bil med kokosboller, 
og kakemenn
og is i en vanilje-isbeholder!


Så kom en vogn med vafler, 
og saft på små karafler,
og bær på glass
og ananas,

og skje og kniv og gafler!

Så kom en buss med resten. 
Nå har vi allting nesten
som er å få
av godt, så nå

kan vi begynne festen! 
Andre Bjerke

Då ungane var små, las vi alltid for dei når dei åt kveldsmat. Mest forteljingar, etterkvart heile bøker, og til slutt lange bøker med eit kapittel(eller to) kvar dag. Det tek si tid å lese ut "Harry Potter" eller "Hobitten"! Men vi las også dikt, rim og regler. Dette er frå "Morovers" av Andre Bjerke, der er det masse fine vers, rim og regler, tull og tøv med ord og leiking med lydar. Trur mange av oss i familien kan det meste av boka utanåt endå! Så har du nokon å lese høgt til, anbefalar eg boka! 

God veke til deg! Eg skal snart starte på middagslaginga :)