tirsdag 25. juni 2013

Husmor?

Eg skal ikkje meine noko(iallfall ikkje mykje) om det å vere husmor, eller heimeverande eller liknande i dette innlegget. Eg såg eit program om husmora på fjernsyn i kveld, og eg er iallfall ikkje der... Det var matlaging og vasking og glede over å brette klær.
I bygdaboka står eg tittulert som "husmor og bioingeniør", det opplevest litt komisk! Eg har tankar om korleis ei husmor er, eg er ikkje den husmora. Eg tenkte eg skulle skrive litt klesvask og oppvask og middagslaging...kanskje kjenner du deg igjen og kanskje ikkje?


Eg har vaskerom , der er det merka dunkar meg "kvit 60gr" og "mørk 60gr" og "finvask"(det skal gjerne vaskast for hand...), det skal eg ha!
Overraskande tomme dunkar, må vere til ære for fotografen 
 Eg har hyller med vaskemiddel, til ull, til kvitvask og til farga vask, til finvask og det finns flekkfjernar og tennisballar til å putte i tørketrommelen når eg har vaska dunklær(jada, eg har tørketrommel og, og eg vaskar sjeldan dunklær)
Det rare er at tross dei fine og pedagogiske dunkane, ligg det alltid mykje klær av typen "usikker kvar desse høyrer heime" eller "dette teppet er for stort, så det legg eg berre i hylla så lenge", så hyllene er fulle av udefinert klesvask... Men eg vaskar klær, eg tørkar klær og eg brettar (av og til) klær. Men det som skal vaskast for hand, det har ofte eit langt og trist liv på vaskerommet før det blir vaska. Eg likar ikkje å stryke klær, og eg er heilt håplaus på å få ting inn i skuffer og skåp. Eg får ikkje til tellekantar uansett korleis eg prøvar og på gjesterommet er det ein kleshaug som sjeldan er innom skåp før det er i bruk igjen. Men reine klær har vi! (sjølv om eg trur eg stryk på eit eller fleire punkt på "husmoreksamen")

(og ja, det er ski til høgre på biletet)

Vi har oppvaskmaskin! Og den brukar vi, ofte og til alt eg får inn. Eg er god på å fylle den best mogeleg, veit kva som passar på dei ulike stadene, og den jobbar og jobbar. Dessverre er den ikkje sjølvtømmande, det vil seie at før vi får tømt den er det ein haug oppå maskina med skitne koppar og kar... Dessverre har vi også ting i huset som vi av og til brukar utan å tenke oss om, slikt som jarngryter, eg får meg ikkje til å putte dei i maskina, med den følge at dei står ei stund på benken før eg løftar meg sjølv etter nakken og vaskar for hand. Det har gjerne samanheng med at vi skal ha besøk, og at vi har halvopen løysing med kjøkken og stove. Og såpass bryr eg meg at eg ryddar før vi får besøk. Vi burde hatt besøk oftare! (og så er det jo kjekt med besøk! Også om ein ser vekk frå tvangsryddinga) Men det anar meg at husmødre vaskar opp etterkvart og har reine koppeklutar og skinnande benkar kvar dag?


Pai, neppe laga ein kvardag!
Rekk opp handa den som har middag kvar dag? Og som har middag laga får grunnen kvar dag? Eg likar lage mat, på den måten er eg nesten husmor! Eg les gjerne oppskrifter og funderer på om dette er noko eg skal lage. Men eg likar best å lage mat når eg har god tid. Altså likar eg ikkje alltid lage mat feks ein onsdag når maten skal vere ferdig og inntatt i løpet av 45 minutt... Og av og til blir eg SÅ lei av å finne ut kva vi skal ha. Det er fint med fisk 3 gonger i veka, ein kjøtfri dag og ikkje farsemat. Det er alt saman ting eg er heilt for!!!
Men skal eg sjå tilbake på feks sist veke? Vi har hatt rømmegraut, frå pose! Tomatsuppe, frå pose, men med ostesmørbrød laga av det tørre brødet i skuffa, så det veg opp for kjøpesuppa, ikkje sant? (og det er sant at å lage tomatsuppe frå botn ikkje tek lang tid, men når ein har ein suppepose og ikkje det som trengs for for å lage den frå bortn og difor må på butikken, blir det posemat!) Vi har hatt kjøttbollar frå IKEA, med gräddsås frå IKEA(men poteten kokte eg sjølv!) Vi har (trommevirvel) hatt fiskekaker(frå mamma sitt kjøkken, av fisk pappa har fiska) Den veg nesten opp for pølse i brød... Pasta og kjøttsaus, framleis ikkje frå botn, for ingen hadde kjøpt tomater og løk og slikt.
Det blir slike lettvintløysinger når ein er sliten, når klokka går for fort og ein har gløymt å ta opp av det som ligg i frysaren. Av og til sett eg opp planer, eg går i frysaren kvelden før og finn noko som passar til neste dag og når eg handlar inn er det med ein plan i bakhovudet. Eg steiker elgsteik og lagar lapskaus av restane, eg steiker hyse og serverer med rømmesaus, eg lagar pizzadeig og kokar tomatsaus og har elgkjøttdeig på. Men så sklir det ut igjen... og vi et noko som er kjapt og ikkje spesielt godt eller billeg.
Kjøtgryta hennar mor

Heldigvis har eg og ei venninne laga eit system med "husmorpoeng"! Når vi har gjort noko vi er fornøgde med,  feks skrubba kjøkkenbenken, kokt fisk eller bretta 5 kurver med klær, fortel vi det til den andre som straks deler ut 10 husmorpoeng! Raust! Det er mest for artig, men eg er ei enkel sjel og skryt gjerne til mannen om at no har eg fått husmorpoeng (og vi gir god-mor-poeng, treningspoeng, tålmodspoeng og god-kone-poeng, og andre poeng ved behov!)
Og når eg har fått poeng for innsatsen, kan det hende eg tørkar over kjøkkenbenken og tømmer oppvaskmaskina før eg legg handkleda (ok, dyttar dei inn så godt eg kan) på plass før eg planlegg neste dags meny. Kanksje ...




2 kommentarer:

  1. Jepp. Kjenner meg definitivt igjen. Og føler meg tilfreds med å være sånn omtrentlig akkurat på ditt nivå, for det er da ingen som sprekker i sånne forhold :)

    SvarSlett
    Svar
    1. "Her er rent nok til å beholde helsen, og rot nok til å beholde lykken." sto det et sted, jeg prøver å holde meg til det!! Og tror vi er godt innom begge steder :)

      Slett