fredag 8. mars 2013

Fine damer

Eg byrja tenke idag, på kvinnedagen og damene rundt meg, dei som har forma meg, damer som har vore mine forbilder. Det er ikkje dei

Mamma er viktig for dei fleste av oss, eit forbilde mange av oss ikkje tenkjer over. Utan henne hadde eg jo ikkje vore her, og ho har lært meg mykje om mangt. Då mamma var ung gjekk ho handelsskule, eit halvt år på handelsskule var å rekne som full utdanning. Ho jobba i butikk før ho gifta seg, og fekk ansvar for hus og heim i det som for oss er ung alder. Som tjueåring lurte eg på kva eg skulle bli, mamma gifta seg som tjueåring. Det var berre å lære seg å administrerte mann og etterkvart  barn, få pengane til å strekke til, lage mat og lære seg å strikke strømper. Men den gongen var det normalen, iallfall på bygda. Pappa dreiv maskinstasjon, han hadde traktorgravar og gravemaskin og etterkvart brøytebil. Han trong at mamma var heimebase og telefonsentral, og ho måtte ha sertifikat. Det var ikje vanleg for damer på tidleg 60tal! Mamma er B-menneske, men har stått opp utallige tidlege morgonar og smurt matpakke til pappa. Det kan kanskje virke gamaldags no, men eg syns det er fint! Det er noko med samarbeid, dele arbeidet og støtte kvarandre.

Mamma og eg 17.mai 1969. Bunaden mamma har på seg, broderte bestemor til mamma, og eg har arva den. Sjekk hårsløyfa! Truleg ikkje mykje hår, men sløyfe må ein ha når det er høgtid.

Farmor, eller Mor som eg og alle barnebarn kalla henne, var "alltid" tilstades i nabohuset. Mor fortalde ein gong at ho gjerne ville ha gått meir på skule enn dei 7 åra som var vanleg, men det var ikkje snakk om det. Ho arbeidde før ho gifta seg, og arbeidde endå meir etterpå. Ho fekk 7 barn, ho passa svigerfar, ho hadde kårfolk buande, ho dreiv gard. Ho hekla sengetepper og dukar, og lærte meg hekle. Ho syns det var artig at eg ville gå på skule, utan at ho brukte store ord. Men kanskje er omsorgen for alle rundt den viktigaste lærdommen. Ho fulgte opp barn og barnebarn og oldebarn, ho såg oss!!
Mor og eg, våren 1969

Bestemor var født i 1896, og døydde før eg vart fødd. Ho byrja arbeide som 10-åring, då faren hennar døydde. Ho gjekk på skule annakvar dag, og arbeidde med  barnepass og husarbeid, som var vanleg pliktarbeid for husmannsfolk, dei andre dagane. Langt frå kvardagen no, men eg trur det var vanleg då. Ho flytta frå Romsdalen då ho var 16, som tenestejente for prestefamilien, men flytta tilbake då ho gifta seg som 19-åring. Då flytta ho med bestefar til Nord-Dakota, dei kjøpte jord og dreiv farm der, ho fekk to barn medan dei budde der. For meg virkar det som eit eventyr, men det var vel eit tøfft eventyr... Iallfall flytta dei til Norge igjen, ho fekk fleire barn, ho dreiv garden medan bestefar køyrte rutebåt.

Ingen av desse er vel rødstrømper, gjekk aldri i tog, men dei har lært meg om livet! Det er naturlegvis fleire som har forma meg, lært meg ting, gitt meg idear og tips, men det var dei nære eg ville skrive om idag!
Eg har gått skule, ikkje spesielt lenge i dagens verden, men eg har vorte ingeniør. Det var ikkje noko problem, det er jo studielån å få for alle.
Eg har gifta meg, og har hatt gode rollemodellar i foreldre og besteforeldre. Eg har fått barn, det har vore lønna permisjon og det er barnetrygd, det kunne bestemødrene mine berre drømme om. Eg har jobba i nesten 20 år, eg får lønn, og eg får lønn sjølv om eg er sjuk.
Eg tenkjer at dei har vore med og gått opp vegen for meg!



Storesøster er ikkje så mykje eldre enn meg, og stiller i ei anna klasse enn dei andre eg nemner, men ho var eit stort forbilde!!! Då ho hadde tannregulering, var det mitt høgste ønskje å få tannregulering!!(må presisere at eg berre var 4 år den gongen:) ) Ho hadde hårtørkar, du veit slik hette? Det ville eg og ha! Men det var ikkje in lenger då eg vart stor nok... Ho viste meg at ein kunne ta utdanning, så då ho vart førskulelærar, ville eg og bli det. Men eg trur det er bra for alle at eg ombestemte meg og vart ingeniør :)
To festkledde søstre. Det ser ut til å vere jul. Truleg ikkje selskap, sidan eg ikkje har hårsløyfe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar