mandag 14. januar 2013

#tenåringsmor

På Twitter brukar ein # framfor eit ord, det er teiknet for hashtag som blir brukt for å lage tema. Eg brukar ofte hashtag som #kvardagslukka #tenåringsmor #monstermor på twitter :)



Igår var ein roleg dag, eg brukte masse tid på nettet, var vel igrunnen til tider langt ute på viddene på den store verdsveven! Eg las på bloggar her og der, det er interessant og artig, men ikkje alltid særleg matnyttig... Eg var innom mange mammabloggar, der det står mykje om permisjon, mangel på somn, amming, fødsel, baby etc, slikt som ein er oppteken av det første året. Og som det er interessant å lese om for den som har vore der, sjå at noko er som det alltid har vore og at noko er veldig ulikt. Minnast klissete hender på vindusruta, nattevåk, badeenglar på kvelden, nattakos og travle morgonar. Lesestunder om kvelden med "Morovers", "Mio, min Mio" og etterkvart "Harry Potter".

Mine ungar er eldre, eg er #tenåringsmor, tidvis #monstermor, eg driv #morstutogkjør, rett etter arbeid, seint på fredagskvelden, eg køyrer, ventar og hentar. Eg er ein heilt annan stad i livet no, kanskje ikkje klokare, men mange erfaringar rikare. Eg ser at eg aldri vil slutte å vere mamma, "Har du kledd godt på deg? Det er kaldt ute! Har du huska å ete? Stakkar, er du trøytt?" Dei spørsmåla er som før, men forskjellen er at no ordnar dei stort sett opp i det sjølv!

Ein gong sa min eine son "Vi kanj itj spis taket!" Om det berre var ein leik med ord, om det var for å rettleie resten av familien eller noko anna veit eg faktisk ikkje. Men det vart eit uttryk vi brukar i familien i passande stunder! No er samtalen rundt middagsbordet annleis. No snakkar vi om min jobb, fars jobb, næringsstoff i wok(når ei prøve i mat og helse lurer rundt hjørnet), det periodiske system når naturfagprøva er i morgon, finanskrisa i Europa, lønskonto og frikort og slikt. Arbeidsmoral, besteforeldre, oppussing av huset og innimellom berre tull og tøv og vås, som eg har store problem med å forstå! Tema der vi blir meir og meir likestilte, der spørsmåla går begge vegar (og det er lite kokt ris igjen på golvet etter middag og pastaen er ikkje i håret lenger)



Før tok vi fram langkosten når kvelden kom og samla saman legoklossar og briotogskinner og kosedyr, no seier eg "rydd rommet, og ta med gangen når du støvsugar" (ok, det hender eg må minne dei på det fleire gonger...) og betaler vekelønn via sms rett inn på kontoen.

Livet er heilt annleis enn då dei var små, då mor og far hadde det tryggaste fanget og dei beste svara. Eg kan sove lenger i helgene, men har ikkje alltid svaret på det dei lurer på. Eg er snart ferdig med foreldremøter og kontaktsamtalar, men eg kan framleis mest om klesvask og sunn livsstil(og den kunnskapen prøvar eg gje vidare). Eg er den største pysa i heimen når vi kjem til ski og sykkel, men eg er god på å kjøre på legevakta, finne klær som passar utanpå gipsa hender og ispose til forslåtte ansikt. Treng eg datakyndig hjelp er den aldri langt unna. Treng eg hjelp til å løfte ned noko, har eg lange søner som når opp. Treng eg bærehjelp, har eg det. Middagsrestar blir borte på mystisk vis, kvitosten er alltid nesten oppeten og "ka e de til dessert?"

Nye utfordringar står for tur, overnatting, kjøreopplæring, hybelliv... Eg grugledar meg til neste fase(har du lese "Karsten og Petra"-bøkene veit du når Karsten grugledar seg). Men eg blir aldri ferdig med å vere mamma!

2 kommentarer:

  1. Er i andre enden av mammalivet selv, men jobber til daglig som ungdomsskolelærer. Ungdommer er fine, kloke og jommen har vi mye å lære av dem! Lykke til videre på mammaveien! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Livet som tenåringsmor er spennande! Oppdagar meir og meir to eg har to reflekterte, kloke og ansvarlege unge menn i huset, og at dei klarer seg fint "ute i verda", lærerikt! Og godt å sjå at noko av det ein har prøvd å gje dei, er der! Lukke til med mammalivet du og!

      Slett