fredag 11. mai 2012

HÆ, kan du gjenta, eg høyrte visst ikkje...


Å høre eller ikkje høre, det er spørsmålet.
Bildet er lånt her: http://www.nlsh.no/ensidig-doevhet/category6186.html
I Vårt Land for nokre veker sidan,  sto det at stadig fleire får problem med hørselen: Snart er 1 av 4 tunghørte. På radio NRK P2 snakka dei om alle som har problem med hørselen, særleg pga høg musikk.

Eg er ei av desse. Det er ikkje alderen eller for mykje høg musikk, men uansett har eg fått dårleg hørsel på ei øre. Det er upraktisk, det er tungvint, det er uvant, og det er eit visst tabupreg over det.

Eg oppdaga for eit par år sidan at det skjedde ting rundt meg eg ikkje fekk med meg, eg høyrte ikkje alltid når nokon bak meg snakka til meg, eg hadde problem i telefonen og i lunsjen vart eg veldig stille. Plusset er at når eg ligg på det gode øyret høyrer eg ikkje så mykje av snorkinga til mannen.
Eg er undersøkt på kryss og tvers, eg har nedsatt hørsel på ei øre. Eg har fått høreapparat, og pute med «bakgrunnsstøy» som eg kan bruke når øresusen bråkar på det verste når eg skal sove. Eg høyrer godt på det andre øret, så eg er ikkje veldig plaga til kvardags. Men enkelte ting er vanskeleg, småprat når det er bakgrunnsstøy, telefonsamtalar, lunsjsamtale med kaffemaskin som bråkar.

Eksempel på høreapparat
Men det eg har oppdaga er at dette er noko ein nesten ikkje snakkar om! Eg syns det er like greit at folk veit eg høyrer dårleg og må spørre om igjen og helst vil sjå den eg snakkar med. Når eg fortel det, er det utruleg mange som seier «Å, slik har eg det og», men enten så har dei ikkje gjort noko med det, eller så syns dei det er litt flaut å bruke høreapparat. Det er greit å bruke briller, men det er tabu med høreapparat? Kvifor er det slik?!

Eg trur mange ville hatt det betre om det var meir åpent om hørselsplager, særleg sidan fleire og fleire får det.

1 kommentar: