fredag 23. mars 2012

Te-plis!


På 70talet sendte NRK engelskkurs, det var populært. Mange eg kjente oppdaga at engelsk var noko dei ønska å lære, og NRK gjorde de mogeleg for alle.
Mi gode venninne Gudrun, som var naboen heime og ca 60 år eldre enn meg(alder inga hindring), gjekk på kurs. Om ho hadde lært engelsk før, huskar eg ikkje, men no var iallfall tida inne. Eg hadde ikkje byrja lære engelsk og syns dette var veldig spennande! Etter litt søk på nett, fann eg på at kurset heitte «Start» og at NRK sendte det i 1977, då var Gudrun nesten 70 år. Eg huskar veldig godt boka, men har ikkje klart å finne bilder av den, lekker 70tallsdesign hadde den iallfall. Eg fekk sjå i den, men forsto lita, ikkje enkelt å lese engelsk når ein knapt kan lese norsk. Kor mykje Gudrun lærte veit eg ikkje, men kurset vart starten på eit heilt nytt måltid!
Alle veit at engelskmenn drikk te. Når du skal ha te, seier du «Tea, Please!» På vår dialekt vart det meir til «te-plis», og det vart namnet på formiddagsmaten. Te(sikkert også kaffe) brød med ost, og alltid ei kake eller ein kjeksbit til slutt. Gudrun var tross alt husmor i ei tid der alle hadde kakeboks med kaker i tilfelle ein trong det. I min familie veit alle kva det dreiar seg om når vi seier det er på tide med teplis. På våren satt vi på glasverandaen og kjente sola som byrja varme. På sommaren satt vi ute, alltid med skikkelege koppar og fat, og i min hukommelse med solbriller eller solhatt, og rett ved eit frodig blomsterbedd.
For ikkje lenge sidan fann eg koppar med blomstermønster, nesten akkurat som dei Gudrun hadde, eg måtte berre kjøpe! Og jammen skal eg gjeninnføre te-plis helgene.

8 kommentarer:

  1. Så koselig! Gleder meg og har lagt meg til som "følger" til bloggen din :)

    SvarSlett
  2. Koselig med sånne barndomsminner, og for noen nydelige kopper!!!
    Blir følger jeg også...

    SvarSlett
  3. Så kjekt! Syns det er litt skummelt, så eg begynner litt forsiktig;)

    SvarSlett
  4. Åh, mimre, mimre! Teplis er frå ei svunnen tid, kjenner eg. Frå den tida då solhatt og solbriller absolutt var på plass!

    SvarSlett