onsdag 21. mars 2012

Krim frå Shetland

Eg har rett og slett funne ein ny forfattar; det er ei lukke på jord! Ein ny forfattar med mange bøker eg ikkje har lese. Ann Cleeves skriv krim frå Shetland, om politimannen Jimmy Perez, jobben og livet hans. Ikkje blodsprutande krim, heldigvis, men passe skummelt. Lærer om Shetland i tillegg, bonus, kva veit eg eigentleg om landet som ikkje er så langt vekk?
Les på engelsk denne gongen, får litt språktrening med det samme, ikkje så dumt. Og idag kom bok tre fra amazon, så då eg helga redda.
Anbefalar bøkene varmt!!
(bilde lånt frå www.anncleeves.com )

4 kommentarer:

  1. Spennende, trenger alltid gode lesetips, her blir det alt for mye av det samme...og gjerne de samme bøkene igjen og igjen...

    SvarSlett
  2. Å oppdage ein ny forfattar er litt som julaften. Planen er å anbefale litt bøker, så følg med;) Nokre gjengangarar blir det nok lell.

    SvarSlett
  3. Så akkurat TV-film, del av serie. Veldig bra, den også!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg prøvde å få sett samme filmen, men ble så trøtt, så jeg sovna fra hele greia...

      Slett