onsdag 7. desember 2016

7.desember

Eg tenkjer på ein eller annan nissesang , frå ein eller annan julekalenderserie på NRK der dei syng noko ala "for idag er det 7.desember" (eller kva dag det nov var) Hm, berre det eg kjem på. Har eg sett den fast i hovudet ditt også no? Eg må kanskje google?

Det er utruleg mange minner rundt slike adventsseriar på tv. "Jul i Skomakergata" er jo ein klassikar, naturlegvis hadde eg appesin med nellikspikar og gjekk rundt og sang på Jon Blund-sangen og sa "stol på tøffe Tøflus". Eg huskar Eli og Teodor, "Vertshuset Den Gyldne Hale" (med tegn og tale), Amalies jul, Jul i Blåfjell, Portveien 2 og det har sikkert vore fleire? (Portveien 2 var forresten første gong "Tenn lys" vart sunge. Starta som sang i barnetv og endte som klassikar) Vi prøvar få med oss "Snøfall" iår, det går ikkje kvar dag, men heldigvis finns det nett-tv!
Slike seriar gjer noko med folk, for det er noko dei fleste ser på, virkar det som når vi sitt i lunsjen og pratar.

Den gongen det var snø i desember...

Det eg eigentleg skulle skrive om idag, er julemusikk. Det er også ein stor stemningsskapar. Eg spelar dagen lang, til enkelte andre si fortviling, både på jobb(der er eg ganske diskret altså) og heime. Eg har progresjon i stemningsmusikken, og enno held eg meg til lett musikk(altså ikkje Sølvguttene enno) og "Its snowing on my piano" med Bugge Wesseltoft. Har du ikkje høyrt den, anbefalar eg å finne den. (den ligg på spotify)

"Have yourself a merry litle christmas" med Ella er også ein stemningsskapar.  Lytt og nyt!

Før syntes ungane at min musikk var meir rar enn musikk, men no har eg nesten overbevist dei! Dei spør faktisk om vi ikkje skal sette på The source, of christmas.


På ein skala frå ein til mammas julemusikk når det gjeld rart, er denne på ein sterk 9ar!
Dette var dagens lille adventsmusikkglimt og tips frå meg!


tirsdag 6. desember 2016

6.desember / vekestart

Stille kveld i huset. Både mannen og junior er ute. Eg har funne ei speleliste på Spotify med masse fin julemusikk, eg har levande lys, eg har "førsta snøn"-te i tekoppen min. Ute er det ikkje snø, det er ein dag med opphaldsvær, og det treng vi her i Trøndelag, det har regna meir enn nødvendig dei siste dagane. Det har vore, og er, stengte vegar og jordras rundt om. Ikkje kjekt at det er meldt rekordnedbør igjen i morgen. Eg gruar meg, ikkje fordi vi bur utrygt, men fordi det seier noko om klimaendringar eg ikkje likar å høyre og fordi det øydelegg for så mange!
I varmen inne hos meg står det brød i omnen og på benken hevar aniskringler. Håpar at aniskringlene skal vare heilt til jul....eg får fryse dei og merke dei "restemat" :)

Tekos og peparkaker

Og når alle mummi-koppane vart sett i kjellaren,
fekk eg plass til julekoppane i skapet.

Eg hadde ein tanke om eit innlegg kvar dag i desember, men når ein er "kulturkjerring" som meg, er det hardt å rekke alt ein vil! På søndag var vi på konsert med eit kor der vi kjenner mange, og igår var det "Unge musikere" der junior er med. Vips, så har dagen gått!
(Og slik heilt mal apropos, eg har vore på mange musikkskulekonsertar i mi tid, både som pianospelande jente, som øvde på å neie etter framført nummer, og som mor. Eg har høyrt masse fin musikk, rørande framføringar, nervøse små og tøffe typer som plutseleg kjem heilt ut av det. Eg har høyrt urytmisk trommer og pipande klarinett, eg har fulgt enkelte i fleire år, og høyrt framgangen. Eg har vore gjennom mange rundar med øving i heimen, masing om øving, vakker øving og slitsom terping. Eg har høyrt og sett musikkglede, og høyrt frustrerte utbrot over umogelege lekser. Eg vil seie det har gitt gevinst, konserten i går var så bra! Det er så mange flinke ungdommar som brukar utruleg mykje tid på hobbyen, og det dei håpar og drøymer om skal bli ein jobb. Eg heiar alt eg kan!)

Eg kjem nok ikkje til å ha like tett mellom konsertane
 resten av desember
Jazzkvartett


Dagens dikt er  eit håpedikt til deg. Der du er, med lange lister av alt som skal til, mørketid og korte fristar.


HÅP

Når alle ord tier
og tennene fryser ihop
du synes du har skår av
knust glass i munnen,
da
står plutselig
et tre i døra
og hvisker grønt
med snø i baret.

Hans Børli

Eg treng iallfall litt håp no. Det er mørkt, det er regn, det er ikkje jul enno, eg er litt sliten av indre og ytre forventingar. Noko å sjå fram mot er fint!

Grønt i skogen, med snø i baret

Grønt på vatnet, med lys i baret


søndag 4. desember 2016

2.søndag i advent/ desemberutfordring

Så er det søndag igjen, og eg skal følge opp vidare "Desemberutfordringa" frå Lammelårtanker:

søndag, 4.12: Del et julegavetips til en fireåring, til en tiåring, til en fjortenåring og til en sekstiåring
Eg har faktisk ein av alle desse på julegåvelista mi i år, slik går det når ein er tante til 18 stk, med eigne og medgifts-nieser og nevøar (det skal seiast at nokre har vorte så store at dei har falle ut av lista) og storesøster er 60 år.  Men eg trur ikkje eg treng seie spoiler-alarm, eg skal ikkje røpe gåvene!

4-årignen er kanskje den enklaste! Enno er jula og gåvene så stort at det meste gleder :) Inga blasert innstilling der i garden! Eg foreslår bøker, feks Karsten og Petra. Men på ein god bokhandel er det alltid folk å spørje. Lego og puslespel er fint, men eg må innrømme at den fornuftige, kjedelege tanta har slått til eit par gonger og kjøpt både pysj og ullklær.

10-åring veit ofte kva han/ho ønskjer seg. Det kan vere bokseriar, dataspel og slikt. Eg går for bøker også her. Faktabøker kan slå an, kokebøker er fint. Dusjsåpe og toalettsåpe. Men den fornuftige, kjedelege tanta har nok vore på ferde her også ein og annan gong...

14-åringen er vanskeleg. Dei veit kva dei ønskjer seg, det er ofte dyrt. Men som over, bøker! Eller verktøysett, til gutar og jenter, det skal skiftast slange på sykkelen og det skal skruast av deksel på
pc´n. Gåvekort prøvar eg unngå, men har nok endt med det eit par gonger. Dujsåpe, deodorant, toalettmappe.

60-åringen har ofte det meste frå før(det har dei på 48 også...) Men ei gåve som kan brukast opp er bra! Såper, kremar, for ikkje å snakke om lys og serviettar. God te, kaffe. Eg har gitt bort mykje sjølvprodusert; syltetøy, kjeks, knekkebrød, konfekt. Berre fantasien sett grenser! Ei fin eske med ein god ost med heimelaga kjeks og marmelade? Då ville eg blitt glad. Eit glas sursild?


Dette kjentest mykje enklare enn når eg står svett i butikken og ikkje kjem på ei einaste gåve!

lørdag 3. desember 2016

3.desember

Laurdag. Det snør. Eg skal på kafe. Eg har allereie laga sursild og tomatsuld, prøvesmaking til frukost i morgon.
Igår kveld fann eg ein fin, alternativ adventskalender

https://www.svenskakyrkan.se/umea/alternativ-julkalender


Eg har skrive den ut og hengt den på kjøleskapsdøra. Eg kjem ikkje til å følge den heilt, men om eg klarer berre nokre av desse, er eg fornøgd. Det er iallfall hjelp til å tenke litt vidare enn eiga julestri!

Håpar laurdagen din blir fin.

fredag 2. desember 2016

Oppsummering, novemberliste

Det er på tide å oppsummere november, kva har eg gjort og kva vart med tanken? November gjekk iallfall fort, det har vore ein god del avtalar i kalenderen, i tillegg til det faste har eg for eksempel vore på Tupperware-kveld, konsert med junior, kafekveld med venninne og på hobbykveld på jobb. 
  • eg skal fyre og tenne lys, som alltid i november. Og med meir enn minus 10 grader ute idag, er det godt med vedfyring og fullt vedskot! Eg har fyra masse og brent litt lys! November er på mange måtar ein innemånad.
  • eg vil bake meir, grovbrød(for "dei heimebakte brød er best, mamma", seier junior, og eg er lett å lede!) og eplekake(for kjellaren er full av epler) Eg skal lage kaldheva rundstykker til helgefrukosten og drkke te til frå den nye tekanna mi! Kjem på at det er lenge sidan eg har bakt eltefritt brød også. Inn på lista med det også! Eg har baka! Brød fleire gonger, loff og aniskringler. Litt julebakst som eg har gitt bort. Men ikkje eit einaste eltefritt brød, heller ikkje eplekake. Epla vart i staden til rå eplesaft, kjempegodt! 
  • lese gode bøker! Eg ventar på ei bokpakke, gler meg på den og har nettopp starta på ei ny, tjukk bok som lovar veldig godt. Det går berre så sakte, for eg sovnar så fort på kvelden. Eg har lese ut ei bok, på over 700 sider, og no har eg byrja på den nyaste til Jon Michelet, om Skogsmatrosen. Innimellom har eg lese masse aviser, ukeblad og ei og anna lett bok.
  • eg skal ut i skogen og plukke grøne greiner og tytebærlyng, eg har lyst å lage adventskrans for å ha både inne og ute. Det burde gå, sjølv om det akkurat no litt eit melisdryss av snø over skogen. Dette punktet innebær også å rydde vekk plantene ute, som igrunnen har gjort jobben sin i sommar og haust, og som ser litt slappe ut etter lite vatn og etterkvart frost. Altså, her har eg gjort nesten alt! Eg har plukka kvistar, greiner og tyttebærlyng, og lage ein fin  grei krans, men den tåler ikkje å henge ute... så den ligg på eit fat i yttergangen og ønskjer alle gjestar velkomne!
  • Eg skal i det heile gå i skogen og ta inn skogens ro! Nyte at eg har piggsko som gir meg godt feste, gå av meg høge skuldre og mas, gå på meg eit smil. Helse på dei eg møter. Prøve å få med meg dagslyset når eg kan, men også møte blåtimen ute. Blåtimen har eg møtt først i dag, men eg har gått og gått, som eg brukar gjere. Som før nemnt, blir nesten alt betre av å komme seg ut og gå. Så då prøvar eg gjere det, også dei dagene eg høyrer sofaen nynne vakre sangar.



  • vi skal feire farsdag og thanks-giving, kanskje blir det ein liten helgetur, og junior kjem heim på perm. Fine ting som gjer helgene i november lysare! Vi har feira farsdag, men thanks giving måtte gå ut av hendingar ingen rår over. Vi har vore på hegetur til Romsdalen og junior har hatt perm. Helgene har gått unna i ein fei! Ikkje berre det, men eg har feira fødelsdagen min med fin middag. Eg har rett nok fødselsdag i august, men eg fekk middag i gåve av ei venninne, og vi har ikkje gjennomført før i november. Det var altså ein super presang! 
  • Eg skal prøve byggrautoppskrifta til Anne Helene og spare både kaloriar og plast! Kjempegodt, faktik så godt at resten av familien åt opp før eg fekk sukk for meg :) Plana er å prøve til igjen, eg må berre huske det...
  • Klementinsesongen er igang, eg et og nyt, og kjenner kroppen får påfyll av c-vitamin. Det er på tide å ta fram att juicepressa og lage appelsin- og grapefruktjuice til helgefrukosten. Vi har laga juice, og vi har ete klementin i lange baner! Eg har laga sylta klementin også,som ein test, og det vart skikkeleg søtt og godt. 
  • Eg skal tenne lys i lyslyktene mine ute når eg ventar besøk, det er så kjekt å møte folk med lys! Gjennomført!
  • Lister for jul! Gåveliste, bakeliste, vaskeliste, alle slike lister som ryddar hovudet mitt(og som slett ikkje alltid blir fulgt) Eg lovar iallfall at eg skal overhalde jakttidene på hybelkaninar, som i distriktet her varer til ca 20. desember! Listeveldet lever, ingen tvil om det. På papir, lause lappar, i notatbøker og på mobilen. Kunne vore ein ide å samle dei kanskje??
  • Henge opp lammelåret, som no ligg i salt, til tørk, slik at det blir fenalår til jul. Lammerullen ligg i frysaren, ferdig sydd. OK
  • bake fruktkake, slik at den får ligge og modne til jul. Det blir ikkje jul utan denne fruktkaka. Iallfall ikke hos oss. OK
  • Planlegging av adventkalender. Skal vi i det heile ha? Sidan dei søte små er 18 og 20 år, meiner eg? Tør eg foreslå å droppe den tradisjonen? Kjenner eg meg rett, blir det kalender, fordi eg kosar meg med det, og fordi dei sett pris på det(trur eg) Det vart kalender, jada. Det manglar pakker frå 14. og til julaften, men dersom sonene les dette: det er ingen grunn til panikk, det kjem!

Alt i alt syns eg november har vore fin. No er eg klar for advent og jul, og om ei stund er eg nok klar for eit nytt år også. Eg likar fest og glede, men kvardag er også fint! Og då passar det med november, kvart år!

2.desember

Idag snør det! Det er fredag, eg har gått tur i skogen i delvis djupsnø(alt er realativt) det var skikkeleg julekortstemning med tung snø på trea. Det gjeld å nyte det så lenge det varer! (og minna sitt nok eit par dagar i låra mine... å gå i snø er tungt) Etterpå har eg laga chili con carne med elg. Må prøve å ete litt plass til julebakst i frysaren! Det er skikkeleg helgestemning i huset!

Kunne like godt valt ski!

Blåtime i skogen.
No drikk eg adventste, med vaniljesmak medan eg bloggar.

Dagens adventsglimt er frå stallen. Engelen er på plass, og eit lite lam som nok bur der fast. Av og til er det enkle det beste, og sjølve krybba er laga i ei fart av to listebitar snekra saman av mor sjølv for mange år sidan! Så lima eg litt fliser på taket og ei stjerne i toppen. Vips, så hadde vi ein stall! Og sjølv om den var meint å vere midlertidig, har den vorte eit fast innslag!

(bildekvvaliteten er litt påvirka av mangelen
på dagslys no i desember

torsdag 1. desember 2016

1.desember

Huskar du frå barnbommen, då det var cirka 100 år frå 1.desember til julaften?
Heime hos oss var det ikkje anna pynting enn adventkalenderen og adventsstaken. (Vi hengte ikkje opp stjerna før på julaften. Når vi plutseleg byrja henge den opp i advent huskar eg ikkje, men det gjer vi iallfall her hos oss no.) Mamma hadde sikkert ei plan, og det skulle både vaskast og bakast og kjøpast gåver, nye klær og etterkvart pyntast. Men ikkje akkurat i dag.
Det var i det store og heile ei æve til jul!
Eg ivra etter å bake og lage julegåver, og det vart naturlegvis litt etter litt. Men det var altså lang tid fram...

På eit eller anna tidspunkt har det skjedd ei tidsendring. No går tida fortare! Heilt klart. (I tillegg har verda byrja å tru at alt skal vere ferdig når advent startar, men det er jo heilt feil, dette er jo tida å førebu seg til jul!) Idag er det 1.desember, det er berre nokre veker til jul! Svisj, så er det jul, kjennes det som. Vi har pynta huset til advent(ja, eg har enkelte ting som MÅ fram), det gjorde vi til 1.søndag i advent, så i tillegg til stjerne, har vi adventsstake i kjøkkenvinduet og ei lita busk i ei nisje i gangen. Busken er pynta med lys og litt enkel pynt, det blir så lyst og godt! (men den må ikkje forvekslast med juletre, den er ei adventsbusk! Iår er det ei furu, men helst skal det vere einer. Neste år, kanskje) No kejm eg på at eg ikkje har sett fram krybba. Eg brukar sette fram krybba idag, og så kjem det ein figur kvar dag. Idag er det ein engel. No må eg rett og slett leite litt i kassene mine!
Adventsbusk

Adventskalenderen er klar, iallfall for dei første dagane. Mannen fekk ein liten kalender, han og, og eg har kjøpt adventskalender, med te, til meg sjølv! Den kom med eiga instruksjonsbok, så her blir det les og lær, dag for dag!
Eg har hengt opp kalender på jobb, og stadig fleire vil delta der, den er ein slags dugnad der den som vil vere med, kjøper ei gåve kvar og så er det trekning i lunsjen kvar dag. Adventskos!

Ny te kvar dag, det er berre å brygge ei kanne og nyte!
Flaks eg har ny tekanne :)
Ute er det knapt nok lyst midt på dagen, og det er godt med alt som lyser opp! Eg er i full gang med julemusikk også, eg trålar Spotify etter gode lister med julemusikk, gje meg gjerne eit hint om du har forslag!
Plan for bloggen i desember?
Eit livsteikn kvar dag. Lesetips. Musikktips. Baketips. Kosetips. Litt bilder og litt hjartesukk. Kanskje nokre minner? Kan det bli greit?